Rasfare

Kjersti Wøien Håland, 2018, Heftet
Bok i serien Boksingel

    Omslag Rasfare av Kjersti Wøien Håland (Heftet)

    Kva det er som skjer i eit ras? Heilt enkelt: Noko ein trudde satt bom fast, losnar. Det kan føre til stor øydelegging, men ikkje alltid. I overført betyding kan eit slikt ras vere svært gunstig for eit menneskje. Eller som Kjersti Wøien Håland skriv i diktsingelen Rasfare:
    dei som er viktige
    rasar inn i livet
    og legg seg
    som tunge steinar
    du kan klatre på
    Og viser kor samansett det lette og tunge, viktige og vanskelege, er i såkalla vanleg liv. Ikkje bare kan vere, men er. Wøien Håland skriv også: Alt godt i livet / har falle på meg. Og når vi les denne lina, og resten av desse smarte dikta, blir vi med eitt pinleg klar over at vi kva tid som helst kan få noko i hovudet, metaforisk sett sjølvsagt, som vi aldri kunne føresedd og som for alltid vil forandre oss. Det er den evige rasfaren vi lev i, kvar og ein av oss.

    80,-

    Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager

    Fri frakt på bestillinger over 299,-

    Om forfatteren
    Bidragsyter Kjersti Wøien Håland

    Kjersti Wøien Håland (f. 1988) kjem frå Høyanger i Sogn og Fjordane. Ho debuterte med diktsamlinga Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti i 2013 og vart nominert til Ungdommens Kritikerpris for romanen Dommedøgn (2014). Ho skreiv manuset til TV-serien Lovleg (2018–2019).

    Produktinformasjon
    • Innbinding: Heftet
    • Utgivelsesår: 2018
    • Forlag: Flamme forlag
    • Språk: Nynorsk
    • ISBN/EAN: 9788282882835
    • Serienavn: Boksingel
    • Kategori: 4.1.0 Diverse

    Handlekurv

    Handlekurven er tom

    Du har ingen produkter i handlekurven