Det jeg var
Av John Erik Riley, 2020, Innbundet
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 299,-
"Det første som slår meg når eg opnar John Erik Rileys nye bok, er den velordna blandinga av tekst og foto. Fotografia er sett saman mest som små forteljingar, eller som forsøk – som essay, kanskje? (…) Tilnærminga er personleg og kunstferdig. Han beveger seg mellom Norge, USA og Bosnia-Hercegovina – land som har stått sentralt både i livet og verka hans. Eg les Det jeg var som ein slags sjølvbiografi, men ikkje i enkel forstand: Riley blandar brotstykke frå eige liv med fiksjon og andre typar tekstar – humoristiske, fabulerande, poetiske, essayistiske. (…) Det jeg var minner om arbeidet til den amerikanske forfattaren og fotografen Teju Cole, som også kombinerer litterære og visuelle metodar. Eg har ikkje sett så mange bøker av dette slaget på norsk, og trur bestemt at vi kan tole fleire."
– Eivind Myklebust, Klassekampen
