Deilig er jorden
Av Frode Grytten og Helge Skodvin, 2018, Innbundet
Sendes fra oss i løpet av 1-3 arbeidsdager
Fri frakt på bestillinger over 399,-
Det enkle språket med sine fire kasus. Første veka i desember. Andre veka i desember. Tredje veka i desember. Siste veka i desember. Det finst ord for alt, men ikkje for dette.
Ho Ho Ho! Slit du med julefeelinga? Synest du alt er stress? Får du ikkje til sprø svor? Gruar du deg til besøk av svigermor? Slapp av. La fotograf Helge Skodvin og forfattar Frode Grytten vise deg kva jula eigentlig handlar om. Korleis jula eigentlig ser ut. På ekte.
"Helge Skodvin må rett og slett ha hatt det frykteleg moro undervegs, og det smittar. Lesaren vil humra over sært plasserte og dimensjonerte julenissar, julereinsdyr, juletre og julelys. (...) Det kan liggja nær å stempla Skodvins bilde som ironisk harselas med ei smaklaus og hemningslaus julefeiring. Men saman med Frode Grytten sine tekstar styrer boka oss i retning av sympati – eller forsoning, for å bruka det opphavlege julespråket. (...) Smørbukk, Stomperud og Vangsgutane høyrer med til jul. Men ta gjerne med Skodvin og Grytten i tillegg. Nå er det 2018."
– Tom Hetland, Bergens Tidende

