– Kvardagen sjølv forvaltar spørsmålet og svaret

Inger Bråtveit er aktuell med si fyrste barnebok, Kven er snillast av far og mor?, illustrert av Thomas Nordby (lansering i kveld på Kampen Bistro!). Teikningane er oppsiktsvekkande nok, men det mest iaugefallande ved boka er trass alt tittelen, som stiller eit spørsmål både foreldre, skule og barnepedagogar tassar rundt i store sirklar. Vi slo av ein prat med forfattaren om just boktittelen og kva ho eigentlig vil seia oss.

FF: Er det riktig å seia at boka handlar om moderne kjønnsrolle- og tidsklemme-problematikk?
IB: Merkjelappord som både «tidsklemma» og «kjønnsroller» kan vera både fordummande, utdaterte og upresise, og det direkte spørsmålet boka stiller, går det jo heller ikkje an å svara på. I alle fall ikkje utan å seia noko gale. Men så er det jo slik òg, at det ikkje er alle ting i livet som har to strekar under svaret. Heldigvis. Å vera far eller mor er eit langt løp, med fleire etappar, og kva det eigentleg vil seia å vera «snill» er ikkje alltid eit anten-eller-spørsmål.

FF: Ja, når byrja du å stilla dette utidige spørsmålet for deg sjølv?
IB: Det var i grunnen fyrst då eg las Halldis Moren Vesaas, og sjølvbiografien hennar I Midtbøs bakkar. Her skildrar ho det Tarjei Vesaas kalla for «unntakstilstanden». Unntakstilstanden varte i to vintrar, og Halldis skriv:

«(…) Han likte så passeleg å ha kona si ute i yrkeslivet, så han tenkte nok i kjønnsroller, huttetu. Ungane var heller ikkje heilt fornøgde, enda om far var til stades i huset og der var ei hushjelp til å ta seg dei. Særleg klaga Guri seg den andre vinteren, da Olav var blitt førsteklassing og følgde mor til skulen. Olav derimot, syntest det stod bra til no. Far hans spurde han ein gang: ‘Når likar du mor best, når ho er lærarinne eller når ho er berre mor?’ ‘Å, eg likar henne nok best når ho er lærarinne,’ svara Olav.
__Ein endå tydelegare attest gav han meg ein annan gang. Eg hadde skrive ein sang til bruk i skulen (NO KJEM DET, FOLKENS!), den heitte: ‘Kven er vel snillast av mor og far?’ Svaret på det spørsmålet var sjølvsagt at mor og far er like snille. Det var ungane samde i, alle så nær som ein: Olav. Han påstod urokkeleg at: ‘Far er snillast.’ (…)»

FF: Aha. Så du har stole boktittelen din frå denne songen?
IB: Ja, dette klåre svaret frå Olav Vesaas, eller forsøksvis «pedagogiske» spørsmålet i songen til Halldis Moren Vesaas, vart sjølve motoren for starten og tittelen på barneboka mi. Tankane krinsar jo framleis rundt kva som eigentleg har endra seg i løpet av denne tida, sjølv om me har fått ord som «tidsklemma» inn i vokabularet vårt. Eg trur ikkje det finst positivistiske svar på eit slike spørsmål, til det er spørsmålet for komplekst. Og uhøyrt. Kvardagen sjølv forvaltar spørsmålet og svaret, i eit langsvaring og samansett samspel mellom far og mor. Eit tips på vegen på leit etter svar, kan jo vera å lesa Olaug Nilsen si bok Kjøkenbenkrealisme. Her ser ein korleis konkret arbeidsfordeling og kommunikasjon vert viktige punkt for å unngå polarisering, både i og utanfor heimen.

Relaterte artikler