– Eg blei frykteleg opptatt av døden då eg vart mor

Ruth Lillegraven

I morgon er det som kjent Bragefest og Ruth Lillegraven er ei av fire nominerte innan norsk skjønn for vaksne. Med diktsamlinga Urd. Ei nydeleg samling, vel verdt ein hvilken som helst nominasjon. Vi tok ein prat med den håpefulle dagen før dagen.

FF: Kor annleis var det å skrive Urd kontra debutboka di, Store stygge dikt?
RL: Eg vil seie at det var veldig annleis. Store stygge dikt kom ut under eit år etter at eg byrja skrive dikt for alvor. Skriveprosessen var veldig «eksplosiv» – det var stor stas, men også litt skremmande, på eit vis. Og det var veldig overveldande då boka kom ut og fekk mykje merksemd, eg følte meg nokså naken. Denne gongen var eg litt meir røynd som forfattar, og skriveprosessen var «roligare» og meir langstrakt. Eg tenkte nok meir på tematikk og samanhengar undervegs enn eg gjorde med Store stygge dikt, som var nokså springande i tematikken. Elles var det veldig kjekt å kome tilbake til lyrikken etter å ha skrive prosa, det er heilt utruleg ulike skriveprosessar.
 
FF: Les du mykje poesi når du skriv poesi?
RL: Eg prøver gjere det, både for å lære, for å bli inspirert og for å utfordre meg sjølv litt. Er litt redd for å stivne i mi eiga form, får litt same kjensla som når eg er ute og køyrer bil og held på å sovne. Då plar eg klapse meg sjølv på kinnet, bite meg i leppa etc. På same måte prøver eg å gi meg sjølv lyriske klaps på kinnet, vekkje meg sjølv, utfordre meg sjølv til å lese ting eg aldri kunne ha skrive sjølv, prøve forstå, prøve lære, lese nye forfattarar. Når det er sagt, føler eg alltid at eg burde lese mykje meir poesi. Eg les nok i periodar for mykje prosa, romanar har alltid vore min fluktveg, min måte å drøyme meg bort på. Slik har det vore sidan barndomen, og slik er det framleis.

FF: Du vaks opp i Granvin og då ligg kan hende poesien i blodet på ein? Var det ein lesande heim du vaks opp i?
RL: Ja, det vil eg seie. Eg har foreldre som har lese mykje ulikt, og det er mykje bøker heime hos oss. Men det seier vel litt om foreldra mine at stova er full i gamle engelske pockets, mykje krim, medan klassikarane står på bakromma. Bøker har vore bruksvare hos oss, ikkje utstillingsvare, om ein kan seie det slik. Olav H. Hauge vart eg presentert for som lita jente av far min, så på ein måte har vel han lege i blodet mitt, ja. Elles trur eg Granvinsnaturen og alle historiane frå gamle dagar som eg har fått heimefrå også har vore viktig for skrivinga.  

FF: Du siterer Hauge i opninga, kor viktig er han for deg, som kunstnar, menneske og lokal gut?
RL: Han er vel einaste forfattaren som har følgd meg gjennom heile livet. Dikta hans var veldig viktige for meg som ungjente. Dei er viktige for meg framleis, men det kan gå lenge mellom kvar gong eg les han. Elles las eg for nokre år sidan litt i dagbøkene, dei var utruleg inspirerande. Og det gir så god ro å lese i dei, utruleg nok, sidan Hauge ikkje alltid hadde så mykje ro i seg sjølv. Ein fin ting med Hauge er jo å sjå kor godt han kunne dikte, lese og gjendikte, utan å ha noko miljø rundt seg (i starten), i fleire tiår gjekk han jo stort sett åleine på garden og jobba, før han fekk litterære vener etc. Kanskje var det veldig bra for skrivinga hans, eg veit ikkje. Noko eg har humra mykje av er kor stressa han blir rundt utgjeving, angrar på heile greia, gremmar seg over kritikkane etc. Det er gjenkjenneleg! Og korleis han endrar på dikta heilt inn i trykken omtrent, noko som må ha vore langt meir krevjande før epost og mobil var allemannseige. Den motvilja mot å sleppe manuset, setje punktum, kjenner eg meg også att i.

FF: Hadde du heile ideen inne når du tok til med Urd? Fleire generasjonar menneske etc?
RL: Å nei, ingen idé i det heile. Alt vart til undervegs. Men etterkvart dukka Seselja plutseleg opp, og Cecilie byrja bli tydelegare, og eg skjønte at det måtte vere ein samanheng mellom dei, og sakte trådde liksom heile historia fram for meg. Eit kjekt puslespel! No jobbar  eg med noko der eg for ein gong skuld har ein veldig klar plan. Det er uvant!

FF: «så blir det for seint/ så er det for seint», skriv du ein stad (om guten som går gjennom isen), og ein kan få kjensla av at det ligg ein slaga fatalisme i livet til Seselja og kompani, enig?
RL: Tja, ja jo. Det kan nok stemme, det. I vår tid så har vi så mykje vi kan påverke. Alt er på ein måte mogleg, det er berre opp til ein sjølv. Tilsynelatande. Det kan vere litt stressande, sjølv om det er fint. Før var det nok mykje meir som kjendest som det var gitt i utgangspunktet, som ikkje kunne endrast på, at ein berre måtte innfinne seg med livet som det var. Og til det konkrete med han som druknar på isen: eg trur dei i gamle dagar mykje meir hadde dette med liv og død, særleg død, under huda. Folk vart gjerne ikkje så gamle, det var så mykje som kunne skje, så lett å bli sjuke. Seselja held jo også på å døy som lita jente, og mistar den vesle bror sin i same sjuka. Fleire søsken kjem det aldri. Døden var noko meir naturleg, trur eg. Det betyr ikkje at det var lettare. For Seselja og foreldra hennar er det ein katastrofe når veslebroren døyr.

FF: «og så kjenner eg igjen dette søkket, denne vissa/ alt dette skal bli borte, alt dette skal ta slutt», er det verste innsikta ei mor får: at ho har skapt noko umisteleg som også er høyst misteleg? og kva skjedde med deg då?
RL: Eg har grubla over forgjengelegheit heilt sidan eg var lita, og gjer det i grunnen meir og meir. Menneske og dyr som kjem til, lever, blir borte. Men det kan også vere hus, ting, årstider. Eg kjenner alltid ei veldig sorg kvar gong ei årstid er slutt, til dømes. Når eg vart mor vart alt dette forsterka. Klisjeane om at tida  flyr og livet er så kort og må brukast godt osv stod plutseleg der og ropa til meg. Og sjølvsagt, heilt konkret: ein blir både redd for at noko skal skje med dei små, dei heilt umistelege, eller at noko skal skje med ein sjølv eller andre nære. Eg blei frykteleg opptatt av døden då eg vart mor, rett og slett. Det har heldigvis roa seg bittelitt no, halvanna år etterpå. Det er fint å vere bevisst på at vi må bruke tida vår på jorda godt, og at alt er tidsavgrensa, men det må ikkje bli så altoppslukande at det øydelegg ein.

FF: Kor mykje jobbar du med den typografiske utsjånaden til dikta dine, den fine mageforma (som også er der i SSD)?
RL: Mykje! Alt for mykje, sikkert. Også med dei som ikkje er runde, men «lange  og tynne». Er nærast manisk oppteken av kvar lineskifta skal gå, det er så viktig for flyten og pausane. Men også av utsjånaden i seg sjølv. At den fysiske  formen skal vere mest  mogleg «rolig» og ikkje forstyrrande. Kan sitje og pirke utruleg lenge på det der. Og endre i siste sekund, til forlagets store frustrasjon. Jepp, det er ein liten besettelse. Ikkje spør meg kvar den kjem frå, eg anar ikkje.

FF: Du har jobb, samt små born og familie, kor finn du tida til å jobbe med dikta?
RL: Svaret er tredelt. Det klart viktigaste for meg nett no er at eg har arbeidsstipend og dermed 50% permisjon frå den vanlege jobben min, slik at eg jobbar halvtid som forfattar. Det gjorde blant anna at eg fekk ferdig Urd.  Ei heilt fantastisk gåve å få eit slikt stipend. Dette er noko me må verne om, eg er glad regjeringa snudde då dei ville kutte i stipenda nylig. Elles er vel svaret at eg ser lite på TV, eigentleg berre Broen, som «alle» ser, og ein DVD-serie i ny og ne. Og at eg gjer altfor lite husarbeid, blant anna. Er mange  ryddeprosjekt som stadig blir negliserte til fordel for PC-en.

FF: Er du som menneske meir optimist enn samlinga?
RL: Tja, eg synst jo ikkje samlinga er så pessimistisk, meir realistisk. Glede og sorg går hand i hand, som i livet. Eg ser absolutt på meg sjølv som ein optimistisk person. Eg trur blant anna at det meste er mogleg, jamfør tidlegare spørsmål. Men at eg er melankolsk og grublete: ja, heilt klart.  

FF: Eller eg kunne sagt: kven av skjebnegudinnane trur du var til stades då du kom til verda?
RL: Ha, ha! Eg trur jo fortidsgudinna Urd var tilstades så det held, i allfall, sidan eg elskar å grave i fortida. Og for min eigen del tenkjer eg som oftast framover, truleg meir enn eg har godt av, så framtidsgudinna Skuld var der nok også. Men eg slit litt oftelitt med å vere til stades i nuet, eigentleg, så kanskje notidsgudinna Verdande gjekk seg ein tur nett då eg kom til?

Relaterte artikler