Alle dei tøffe damene

Heidi Furre

Sist uke romandebuterte Heidi Furre med Parissyndromet på Ingensteds ved Akerselva. Dagen etter stakk hun fra landet, til sommer i Sverige. Men nå er hun hjemme igjen og vi tok en liten prat med henne. En debriefing, så og si. Om ikke hva føler du nå, så hva tenker du nå – om boka, om å ha skrevet den og alt det der. 

FF: Du har sjølv budd i Paris, Heidi, kor mykje av Parissyndromet er basert på sanne historiar?
HF: Eit par enkeltepisodar er som snytt ut av virkeligheten. Som når ein bekjent av meg fekk ein brukt tepose i skallen på gata. Nokon berre slengte den ut vinduet. Det fins i boka.

FF: Har du gjort noko research undervegs, kikka på Pariskart, lest om hendingar i byen osb?
HF: Google maps og google translate er mine beste venner. Og dei to åra i Paris var jo ein slags research, uten at eg visste det.

FF: Er det favorittbyen din i det store utland?
HF: Enn så lenge. Eg er ikkje så bereist, mest bebudd.

FF: Kva er det beste, på ein kvardagslig skala, ein kan gjøre med dagane sine i Paris?
HF: Ta bussen istadenfor metroen, drikke ingefærøl i 50 Rue de Lancry, lage lasagne, sjarmere seg ut av billettkontroll, klatre i eit jævlig fint tre i Bois de Bologne, ha venner.
FF: ... og det verste?
HF: Dei har så rare egg der. Smakar ikkje heilt rett.

«Kafeen begynner å fylle seg opp, eg slår toppen av egget mitt av med ei teskei, dryssar i salt og et det i små bitar. Det er eit bra egg, det er sjeldan her. Eggene er ofte vonde, eller blodige. Når eg lagar pannekaker, må eg sjekke kvart einaste egg før eg heller det opp i bollen.» (Parissyndromet, Heidi Furre)

FF: Du er ikkje så glad i pølsene der nede heller, eller?
HF: Hæ? Har dei pølser i Frankrike? Det einaste eg har sett som kan ligne på pølser der er hermetiske små pølsekuler, som man får servert på fest. Det er så rart, skjønnar ikkje greia.

«– Eg vil ikkje reise, seier eg. – Bli her, då, seier Bruno. – Hadde det ikkje vore for dei rare små pølsene de serverer på fest, skulle eg blitt for alltid. Eg kastar ein pølsebit ned på gata. Den forsvinn i mørket.» (Parissyndromet, Heidi Furre)

FF: Er det noko mat i Paris du kan anbelfale?
HF: Ost.

FF: Du har vore fotograf i mange år, korleis har det vore å skifte til tekst?
HF: Eg har ikkje bytta, eg har berre blanda. Man må ikkje velge.

FF: Jack Kerouac sin ambisjon var å skrive som ein maler, har du kanskje brukt litt av fotografen i deg til å skrive?
HF: Det har eg nok. Eg har alltid klare bilder inni meg av det eg prøvar å skrive. Og bestemmer alltid lysforholda i rommet/plassen eg skal skrive om. Då blir det lettare.

FF: Har du nokre forbilde innanfor litteraturen? Ev nokon du har lest undervegs i skrivinga?
HF: Astrid Lindgren, Tove Jansson, Patti Smith og Miranda July. Alle dei tøffe damene.

FF: Syns du det har blitt ei trist eller glad bok? Og kva ville du ho skulle bli då du tok til?
HF: Eg trur man kan velge, at det er opp til den som les. Og sånn ville eg at det skulle være.

Heidi på slippfest

FF: Det er et noko ufrivillig komisk syndrom Parissyndromet, å bli sjuk av skuffelse og desillusjonisme, men kan du leve deg inn i deg? Forstår du alle dei skuffa japanarene?
HF: Stakkars japanarane, eg skjønnar dei så godt. Man har tatt fri frå jobben, brukt opp sparepengane, og så blir det liksom ikkje slik som man hadde tenkt seg. Det kan jo ta knekken på den beste.

FF: Og på kva måte vil du si jenta i boka gjennomlever eit slags parissyndrom?
HF: SPOILER ALERT! Neida, men man får lese og sjå.

FF: Du har for øvrig ikkje gitt ho noko namn - kvifor ikkje?
HF: Kom ikkje på noko. Mr. Big har jo heller ikkje navn, før i siste episode då.

FF: Var det moro å halde på?
HF: Ja. Det ordna seg.

FF: Er du nøgd?
HF: Eg kan leve med dette.

Relaterte artikler