
TENKJER DU FRAMLEIS PÅ MEG, HEIDI FURRE?
Korleis er eigentleg forholdet mellom dei gamle bøkene, frå gårsdagens forlagslister, og forfattaren som skreiv dei? Er det kjærleik der? Er det anger? Er det ingenting? Er dei framleis i kontakt etter for eksempel ti år? Og om dei gjekk på kvarandre på fortauet, korleis ville praten gått?
For ti år sidan ga Heidi Furre ut Ungdomsskulen, hennar andre roman. Vi tenkte høyre med ho korleis dei to har det etter alle desse åra, og let boka slippe til med første spørsmål:
US: Tenkjer du framleis på meg, Heidi?
HF: Hei, Ungdomsskulen! Heilt ærleg? Eg tenker ikkje så mykje på deg. Men innimellom dukkar du opp i form av ein fin e-post frå nokon som har lest deg, eller i ei kasse på loftet. Då er eg som Rose i Titanic når ho seier: it's been 84 years.
FF: Er det noko bestemt du husker frå skrivinga av Ungdomsskulen?
HF: Eg hugsar at eg satt på ei ferje og tenkte at teksten begynte å komme seg. Eg hugsar at eg gjekk til Nasjonalbiblioteket for å skrive på boka. På den tida man måtte legge pc-en sin inni ein gjennomsiktig pose før ein gjekk inn til lesesalen. Alt surret med posen og pc-en gjorde at eg begynte å skrive teksten inn i mange små A5 skrivebøker. På slutten av kvar veke førte eg alt inn i eit word-dokument. Eg likte denne metoden, men har aldri brukt den sidan.
FF: Ville boka blitt veldig annleis om du skreiv ho på nytt i dag, trur du?
HF: Då eg såg dei to første sesongane av Euphoria kom eg på at eg eigentlig ville at Ungdomsskulen skulle være litt sånn. Ein plass der skulegarden er ei slagmark. Så ja, om eg skulle skreve den i dag ville eg hatt mot til å dra det lenger. Ville ikkje det vore litt gøy? Ein nynorskens Euphoria?