Sommerdagboka: Erlend Skjetne

Eg liker skjora, fyrst og fremst fordi ho liker oss. Ho trivst ikkje i skogen, heller ikkje i heilt opne landskap. Det beste er å vera kring menneska, kring husa og liva deira, eta litt av søppelet deira, men ikkje på like ublygt vis som bymåsane.
Skjora kjenner seg sjølv i spegelen, og blir heller ikkje påkøyrd like lett som måsane. Ho kan stå i vegbanen inntil bilen er ein sekund unna, kalkulerer farten og fråstanden, flaksar opp i heilt riktig augneblink, bergar livet med ein halv sekund. Kven treng meir? Står ho allereie i vegskuldra, bryr ho seg ikkje eingong med å flyge, ein millimeter klaring er nok.
I Sunnlandsskrenten får eg sjå ei scene spela seg ut som eg lenge har drøymt om å oppleva. Inntil no har eg frykta at det dreier seg om ein myte, men så kjem altså provet til meg som ei plutseleg openberring.
Eg snakkar sjølvsagt om ei skjor som tergar ein katt.
Innleiinga er at skjora nappar katten i halen med nebbet. Katten bråsnur og bykser etter skjora – no skal eg ta deg, din jævel! Men oi sann, skjora har ei magisk superkraft: Ho kan flyge.
Ved å gjera det same fleire gonger, narrar skjora den stakkars katten heilt opp i eit tre. Det er eit innavla prydtre i ein velhalden hage, så magert at det nesten knekk under vekta av den korpulente katten, som likevel ikkje har gjeve opp trua på at han skal fange og drepe skjora som no sit ytst på ei grein, så fjørlett at greina knapt bøyer seg under ho.
Katten kveser og slår etter skjora med potane, og no er eg ingen ekspert på å lesa kroppsspråket til fuglar, men eg ser på skjora at ho ler. Eg ler òg, for å syne skjora at eg er på hennar parti. Kvifor folk orkar å halde seg med mentalt underlegne vesen som hundar og kattar forstår eg ikkje, når det finst dyr som er direkte intelligente. Skjora blunkar attende til meg og vinkar med dei glinsande halefjørene. Fyrst når ho har fått lokka katten ut i ein luftig, halvt fotlaus posisjon det vil bli komplisert å trekkje seg attende ifrå, seglar ho roleg i veg mot neste dekadente gjeremål.
fra Erlend Skjetnes Svart skissebok, utkommer september 2025.