Normalprosamannen blir poet igjen

Siden debuten med diktsamlinga Start i 1983 har Frode Grytten, store novelle– og romansuksesser til tross, titt og ofte beklaget at han ikke ble poet. Eller sanger. Men så, eller nå, eller akkurat nå, skjer det altså igjen: Frode Grytten og dikt og papir: i Flamme Forlags nye boksingel Norge og andre dikt, hvor «tittelsporet» er henta fra Det norske huset – resten nyskrevet. Vi spurte poeten om hvordan det føltes å se dikt på omslaget sitt igjen.

Frode Grytten: – Ja, dikt! Hm. Det var ikkje meininga, altså. Men arbeidet med Det norske huset gjorde at eg turte å skrive noko som likna på dikt, i det minste, leiken og sjangerrøret gjorde det mindre skummelt. Eg bygde ned forventningspresset til meg sjølv ved å skyve det grafiske foran meg. Så brått kom desse tekstane jumpande opp bakken til meg. Men dikt? Nei, eg veit ikkje, eg. Eg er framleis ein fuskar i diktfaget. Eg kjem til å halde meg til prosaen framover. Normalprosamannen, det er meg det.

Chap 17FF: – I Norge og andre dikt leikar du deg med eit par beat-forfattarar både kva gjeld utseende og innhold, kva for eit forhold har du til denne femti-sekstitals-bevegelsen innan amerikansk litteratur?
FG: – Beatbardunen blei festa litt tilfeldig, fordi eg under arbeidet med Det norske huset hadde eit beatprosjekt så å seie på si saman med Pedro Carmona-Alvarez. Vi las beatdikt, fornorska beatdikt, Pedro song beatpoesi, Dylan og Waits, eg scatta Harold Norse og Frank O’Hara og Gregory Corso, vi hadde med oss eit band, og det heile blei ganske stilig, om eg må få seie det sjølv. Vi lét som eit vestnorsk Morphine! Moro var det i alle fall (kanskje nokon fleire vil hyre oss?). I det arbeidet fikk eg eit hyggelig gjensyn med beatpoetane, og fann ut at noko kunne nyttast i Det norske huset og i denne boksingelen. Eg synest godt om energien i beatpoesien, skyvet som finst der, blandinga av det høge og det låge, korleis den gjengen definerte forfattarrolla på ny. Kanskje er ikkje alt like godt, men det var utrulig deilig å lese andre sine tekstar høgt, kjenne seg heilt trygg på tekstar, kjenne korleis dei held hovudet høgt, glømme det svake og veike i eigne forsøk, bare plukke dei beste tekstane. Til boksingelen har eg gått laus på dei med ei personlig øks, hogd dei ut til eige føremål, slik det vel skal vere med beatpoesien?

FF: – Så absolutt! Ein annan sentral skikkelse i singelen, som vel må seiest å vere alt anna enn beat, er Thorbjørn Jagland. Han har skrive introduksjonen av alle ting, og han har jo vore veldig i vinden siste tida, kva tykkjer du om det han skriv, tar han tilbake «det norske huset»?
FG: – Vår mann har gjort det igjen! Nok ei Thorbjørn-teneste! Nei, sporty det, å skrive ein introduksjon til boksingelen, sjølv om han framleis held korta veldig tett til brystet når det gjeld kva han tenker om det skandaliserte norske huset i dag. Han har jo ein sjølvbiografi å selje ein vakker dag! Det var naturlig å få Jagland til å skrive introduksjon, mannen er sjølvsagt far til tittelen Det norske huset (som altså er faren til boksingelen Norge og andre dikt). Politikarar burde generelt skrive mykje meir, i dag bare preikar dei eller får andre til å skrive for seg. Jagland er eit førebilde i den forstand at han skriv mykje, og i skrifta blir det mykje tydeligare kva ein politikar står for enn kva det er i det flyktige og overflatiske tv-snakket. Kanskje politikarane er redd for å bli avslørte når dei må skrive? Ord på ei side er nakent og nådelaust, du kan ikkje kle deg fancy fargar eller ta brunkrem eller preike rundt grauten (eller preike rundt Grytten, som vi brukar å seie her heime). Og ein annan ting: vi forfattarar er nesten alltid på etterskot. Vi skriv om noko som har vore, noko som i beste fall er, men med Det norske huset skreiv eg brått i synk med mi eiga tid, skreiv om bustadgalskap og bustadboble akkurat då det sa poff poff poff. Det er sjeldan det skjer, men det betyr jo også at det du skriv er veldig prega av si tid, og nokre av tekstane i Det norske huset er allereie passé på grunn av endringa i økonomien og i marknaden, derfor var det godt med Norge og andre dikt som kunne nyttast til å justere bildet og oppdatere ting på bustadmarknaden og med finanskrisa så kanskje eg bare må halde fram slik, ein boksingel i halvåret for å haldre tritt med verdsøkonomien?
FF: – Helt greit for oss, Frode. Vi må ikkje halde opp med halde på!

Når eg ligg i senga mi kvar kveld,
eg vil aldri bli vaksen.
Ingenting blir slik eg ønsker likevel,
eg vil aldri bli vaksen.
Kvar finn eg vegen i ei verd av tåke?
Alle ting flaksar som ei kråke.
Når eg tenker på prisen eg må betale,
ville eg heller ha vore ei bikkje.
Eg vil aldri bli vaksen.
Vil ikkje, vil ikkje, vil ikkje!
Eg vil aldri bli vaksen.

(Fra diktet «Eg vil ikkje bli vaksen» i boksingelen Norge og andre dikt, Frode Grytten, Flamme Forlag, 2009)


Tilbake til forsiden
<