Fº85
Mette Karlsvik: Post oske. Dagar og netter i Reykjavik
Dokumentar, 376 sider.
ISBN 978-82-02-33599-1
NOK 329 / € 42
——
Frå Island kom sagaer om verdigheit og heltemot. I dag handlar historiene snarare om grådigskap. Det islandske vokabularet endra seg med den økonomiske boomen på 00-talet. Kva er då historieforteljaren sitt verktøy etterpå, når krakket er eit faktum, når dei frosne formuane har smelta og kredittbobla broste?
Dette er noko av det Mette Karlsvik utforskar då ho vitjar Island sommaren 2010: Mens dagane er på sitt lengste, tar ekspønkar og surrealistpoet Jón Gnarr over ordførarstolen i Reykjavik. Samstundes som vulkanen under Eyjafjallajökull hikstar for siste gong, samtalar Karlsvik med dei som no skal bygge eit nytt Island på ruinane av det gamle.
Mette Karlsvik (f. 1978) voks opp i Kristiansund. Ho mottok Tarjei Vesaas’ debutantpris for romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden (2005). Ved sida av å skrive, jobbar ho med litteraturrelatert fagforeiningsarbeid. Dette er den første sakprosaboka hennar.
——
Flyet kryssar nullmeridianen, og siktar seg inn mot Reykajvik. Det kryssar 20 gradar vest, to tidssoner, og kjem over eit kvitt land. Klokka blir stilt to timar tilbake. Eg er på to pluss. Island er på eit økonomisk nullpunkt. For to år sia sokk den islandske kronekursen til botnen. Men havet rundt Island er grunt. Island blei skapt av eit vulkanutbrot. Dette lavakrateret er ungt. Staten er ung. Grunnloven er frå 1944. Men kunstnarveldet blir formalisert i juni 2010. Det er akkurat no. Det er akkurat her, under flyet mitt. Innlandet er kvitt. Frå desse isbreane går store vassdrag som dei demmer opp. Dammane er svarte auge ved det kvite. Andre plassar blir det kvite sirkla inn av lavasvart. Flyet mitt sirklar inn Reykjanes. Det islandske folket sirklar inn eit nytt statsstyre. Dei valte høgrepolitikarar. Dei valte venstrepolitikarar. Dei vel politikarar bort, fullt og heilt. Vil Island nokon gong lande?
——
«Engasjerande om post-krakk-Island … Boka eg held i handa, og som eg fann på alle moglege orsakingar for å sleppe å leggje frå meg, er blitt ei tankevekkjande sakprosabok med opptil fleire politiske analysar og med store skjønnlitterære kvalitetar.»
– Ingvild Bræin, Dag og Tid
«Karlsvik har skrevet et stykke engasjert litteratur, en bok som både er sosialt og politisk orientert uten å stille det individuelt menneskelige i skyggen … I Post oske formidler hun kompleksiteten i den islandske krisen på en god måte. Det er slett ikke umulig å lese Post oske som en vakker kjærlighetserklæring til landet og folket i vest.»
– Sigrun Hodne, Stavanger Aftenblad
«Sprelsk reiseprosa t/r Reykjavik. Tettemelk, pønk, grønsj – bagasjen er like rikholdig som boka blir rar når romanforfatter Mette Karlsvik forsøker å forstå hva som skjedde med Island. … Det er friskt og freidig gjort. Og at det er blitt en rar bok ut av det, betyr ikke at den ikke er bra!»
– Kristin Gjerpe, Prosa
——
Bestill boka ved å fylle ut skjemaet nedenfor (porto kommer i tillegg). Alle ordrer på kr. 400 eller mer sendes gratis i Norge. Ordrer under kr. 400 får et fraktgebyr på 39 små kroner.
cforms contact form by delicious:days
——
Presse: Klikk her for høyoppløselig versjon av bokomslaget.
