Fº84
Aram Saroyan: Armane mine er varme
Dikt, 32 sider.
Gjendikta av Kristin Auestad Danielsen.
ISBN 978-82-02-36040-5
NOK 75 / € 9
——
Kor lite kan eit dikt vere, utan at poesien i det fordunstar? Dette var noko av det Aram Saroyan (f. 1943) ynskte å undersøkje med sine «minimale dikt» frå 60-talet, som her blir presentert for første gong på norsk. Boksidene rommar sjeldan meir enn tre–fire ord, ofte berre eitt. Saroyans tekstskulpturar knyter an til samtidige minimalistar som Donald Judd, Robert Morris og Carl Andre, men føregrip òg mykje av 70-talets L=A=N=G=U=A=G=E-poesi. Unnselege dikt, blyge dikt, men ikkje desto mindre kontante, kontroversielle: Eit kvart århundre at dei kom ut i bokform, blei enkelte av desse tekstane framleis omtalt i negative vendingar av Ronald Reagan.
——
ljljos
*
morgo,n
*
eit blad
lagt
igjen av
katten
trur eg
——
Bestill boka ved å fylle ut skjemaet nedanfor (porto kjem i tillegg). Flamme Forlags boksinglar er òg å finne i velutstyrte bokhandlar i Oslo og Bergen, og i nettbokhandelen Audiatur.
cforms contact form by delicious:days
——
Presse: Klikk her for ein høyoppløseleg versjon av bokomslaget.
