Fº122

Fernando Pessoa: Alberto Caeiros poesi

Dikt, 260 sider
Gjendikta av Øystein Vidnes
ISBN 978-82-02-36809-8
UTSOLGT

——

Minst fire av dei største portugisiske forfatterskapa i moderne tid er skrivne av ein og same mann: Fernando Pessoa (1888–1935). Eit av hovudverka, Alberto Caeiros poesi, kjem nå ut i ei komplett utgåve på Flamme Forlag, i gjendikting ved Øystein Vidnes.

Naturpoeten og sauegjetaren Alberto Caeiro var læremeisteren til alle dei andre forfattarane som Pessoa dikta opp. Dei opne og prosaiske dikta til Caeiro utgjer eit eige univers, prega av det enkle livet på landet og fornekting av dei store spørsmåla. Desse erstattar han med ein filosofi som handlar om å sjå, å ta inn verda gjennom auga, utan å filtrere inntrykka gjennom ein innlært fornuft.

«Å vere poet er ikkje eit mål for meg.
Det er min måte å vere åleine på.»
– Alberto Caeiro

——

Ein som høyrde versa mine, sa til meg: Kva er nytt med dette?
Alle veit at ein blomster er ein blomster og eit tre er eit tre.
Men eg svarte: ikkje alle, ingen.
For alle elskar blomstrane for å vere vakre, og eg er annleis.
Og alle elskar trea for å vere grøne og gi skugge, men ikkje eg.
Eg elskar blomstrane for å vere blomstrar, heilt enkelt.
Og eg elskar trea for å vere tre, utan å tenkje.

——

«Norske lesere har fått en enestående inngang til Fernando Pessoas litterære univers … Av de foreliggende norske Pessoa-utgivelsene er dette utvilsomt den som gir leseren best innblikk i heteronymenes storstilte dramatiske fiksjon, med alle dens ironier, speilinger og motsetninger. Vidnes gir oss Caeiro i Pessoas ånd … Gjendiktningen er gjennomført og preges av løsninger som røper den samme fortroligheten med diktverket Vidnes røper i innledningen.»
– Ellef Prestsæter, Klassekampen

«Det er eit hende i norsk omsetjingssoge at Flamme forlag no tek til å gje ut dei samla dikta til den portugisiske diktaren Fernando Pessoa i ei sober og kjenslevar gjendikting av Øystein Vidnes.»
– Karsten Alnæs, Dag og Tid

«[E]n solid gjennomarbeidet og veldokumentert utgivelse, et stort løft for Flamme Forlag, og et høyst velkomment tilskudd til verdenslitteraturen på norsk.»
– Eirik Lodén, Stavanger Aftenblad

«[Eg] vil bare ha nemnt Alberto Caeiros poesi av Fernando Pessoa i Øystein Vidnes si vakre gjendikting, og i ei bokform som gjev oss den store innsikta når ein held boka i handa, at papirboka, papirboka folkens, den har noko som aldri kan erstattast av andre media!»
– Helge Rykkja, Dagbladet

——

Bestill boka ved å fylle ut skjemaet nedenfor (porto kommer i tillegg). Alle ordrer på kr. 400 eller mer sendes gratis i Norge. Ordrer under kr. 400 får et fraktgebyr i tråd med Postens satser.

 

cforms contact form by delicious:days

——

Presse: Klikk her for høyoppløselig versjon av bokomslaget.