– Like før sommarferien har me utegym, nesten alltid slåball

Vi varmer opp til sommerferien med Heidi Furres Ungdomsskulen og minner om utegym:

Like før sommarferien har me utegym, nesten alltid slåball. Alle er fornøgd. Man får være ute og man slepp å være barføtt. Den som slår kan velge mellom vanlig balltre, om man treff flyg ballen lengst. Men man kan også velge den flate, breie typen, som kven som helst kan treffe ballen med, berre at du ikkje får samme kraften. Det er dårlig å velge den flate kølla, det er alltid nokon som buar, plystrar eller klappar om man gjer det. Og sjølv om man treff ballen er det aldri godt nok. Det er dødsstraff for å velge balltreet for så å bomme på ballen. Det einaste riktige er å velge balltreet og slå ballen ut. Eg likar slåball fordi eg ikkje treng å følge med på kva som skjer medan eg ventar på at det er min tur. I dag er det ein bil som held på å male opp nye kvite striper på parkeringsplassen ved sida av, det er ganske behagelig å følge med på at dei blasse kvite linjene blir til klare, rette linjer. Det er min tur till å slå. Dei to objekta ligg foran føttene mine, eg vel alltid den flate kølla, dårlig er vel bedre enn dødsstraff. Eg slår ballen greit, langt nok til å springe til andre sida av banen. Det er eit lyspunkt i skulekvardagen å være jente i gymmen, ingen bryr seg om at eg skal være spesielt god, og hvis eg er litt god er det bedre enn forventa. Innimellom pleier dei som buar mest på oss som slår med flat kølle, bomme på sin egen ball med balltreet. Men då er det ingen som buar, balltreet blir slengt i bakken og læraren deler ut grå lapp for banning. Ingen tør å bue då, hvis ikkje dei vil ha eit balltre i trynet.



(instagram-collage fra #ungdomsskulen: @ardismargrethe / @bokfiol / @lenamyhre / @fintikvardagen / @norlitorggata / @loemarita /@arkbeyer / @heidifurre / @magpaaeventyr )

Relaterte artikler