«…i samling» har i alle disse åra vært en ære forbeholdt poeter. Det er det første diktdebutanten får høre: Du, det blir ikke rare salget så du kan glemme å bli rik, det blir ikke flere damer/typer på deg heller, de foretrekker prosa og musikkfestivaler, likedan med oversettelser og internasjonal anerkjennelse: glem det, never gonna happen, men en dag, kompis, om kanskje 20 år, gir vi ut diktene dine i samling! Og det har vært nok for mange av oss. Så kommer altså Frode Grytten. Oddingen. Mannen som ga opp poesien etter første forsøk. Så kommer han med noveller i samling. Hørt på maken? 870 sider med prosa om kvinner og menn og kjærlighet og faenskap. Alt fra den første samlinga i 1986, til den foreløpig siste i 2007; 21 år med noveller; 21 år i noveller; Flamme må snakke litt med den samla mannen om det:
NØH: Å gi ut alle novellene dine i ei bok, på eit fabelaktig fat, minnar om det ein i fotballtermar gjerne kallar å gni det inn. Det skjer som regel etter at eit lag har putta og supportarane deira fyk opp i ansiktet på supportarane til det andre laget og, ja, gnir det inn. Er det tanken bak novellene i samling? Opp i ansiktet på alle andre, fram i skoa og si: SJÅ HER, DÅ! JÆKLAR!!
FG: Nja, det er vel ikkje heilt meg det der? Kanskje då eg var 22 og skulle debutere med ei diktsamling, men den boka blei jo bare ei flis, ikkje ein murstein som denne, så det var vanskelig å gni dikta inn i nokon som helst rundt meg, og eg var vel mest flau den gongen. No også. Her om dagen sendte eg ei Noveller i samling til ein kompis, frå post-i-butikk på Varden i Bergen. Og sidan det er eit relativt stort forfattarportrett på ryggen av boka, oppdaga dama bak skranken at eg var forfattaren. Ouaaa, nei, e det du som har skrevet ´an? spurte ho. Å, guuuu! Då må eg i butikken og kjøpe ‘an, nysgjerrigheten lenge leve! skreik ho ut i heile Spar-sjappa, mens køen samla seg opp bak meg. Flau då, Grytten.










