Flammes panelmedlem Frode Grytten så finalen mellom Tyskland og Spania i New York, intet mindre. Et sted ikke akkurat viden kjent for fotballfeber og lissepasninger. Landslaget er riktignok ikke så verst (fikk ikke Åges menn 5-0 i sekken der forleden?), men like fullt, når sporten uttales omtrent som «sucker» aner man hvor den generelle populariteteslista ligger. Men Vår Mann lar seg ikke stoppe av slikt og i natt fikk vi følgende rapport fra Det Store Eplet©, fra Byen Som Aldri Sover©:
Notat frå The Emerald Inn, NYC: liten bar på Columbus Avenue, tv-en høgt oppe på veggen, kan ikkje seie at amerikanarane er veldig opptatt av EM, barvertinna lurer mest på kvifor ekspertkommentatorane alltid er skottar (Andy Gray).
Nydelig mål av Torres, møtt med tystnad her. Eg jublar. Resten av kampen handlar om å halde ut. Få dei tyske sjarmlause karane ut av stilen. Merkar meg at dei, i tillegg til sin generelt usympatiske stil, har tatt til å legge seg ned, jukse, sutre, klage, forsøke å få feildømt straffe (mistanke om at den tause fyren ved sida av meg held med Tyskland).
Det striregnar ute. ABC sender reklame for US Marines i pausen, men dei har langt meir analyse enn TV2 i pausen, hører du, Davy Wathne, til og med dei pengegriske amerikanarane er ikkje så skamlause som de er!
Nesten ingen ser på kampen i andre omgang, ei asiatisk jente ler på ein merkelig måte, dei andre ser på ein amerikansk kamp, eg veit ikkje kva det er, sjuke idrettar dei har, minner meg om hobbyar du kan drive heime i hagen, dei hiver mjuke ting til kvarandre, eller slår på dei med køller, avisene er fulle av stoff om New York Mets, LA Losers, Dallas Decaffed, Seattle Smooties og Dakota Daffodils. Sjukt, sjukt.
Det går vegen, endelig, eg har nerver mot slutten. men for ein gongs skuld, ja og yes og YEAH! Det klart beste laget vinn turneringa, takk, Ivar Aasen, yes, verdas verste tordenver brakar laus ute, eg spring ned gata mens eg ropar Espana! Ingen ser på meg, dei trur eg er spik spinna gal, regndråpane er store som Starbucks-kaffikrus, snart skal eg på Lyle Lovett-konsert.