I dag fyller ingen ringare enn Eldrid Lunden 70 år. Poet har ho alltid vore, professor har ho blitt etter kvart. Kva skal ho finne på i dei neste 70, mon tro? Vi tar oss ein liten epostprat med jubilanten.
NØH: Korleis har du det? Er du glad, er du trist, midt på treet?
EL: Akkurat nå sit eg med dott i øyra som enten må skuldast biltur med høgdeforskjell (i går), eller storarta 70-årsfeiring i Oslo (fredag). Bortsett frå det har eg det omtrent som vanleg, dvs. eg er glad!
NØH: Du har levd lenge med – og i – skjønnlitteraturen, har forholdet dere imellom blitt meir eller mindre avklart med åra?
EL: Litt meir avklara kjennest det kanskje; men dei basale tinga har også lege fast ganske lenge, dvs. sidan første halvdel av 1970-talet. Men vilkåra for litteraturen endrar seg jo heile tida; du blir utfordra igjen og igjen enten du vil eller ikkje.
NØH: Kor mange dikt skriv du i uka?
EL: I snitt meiner du?
NØH: Kor mange dikt burde du skrive i uka?
EL: Eg sa jo at eg sit her med dott i øyra …
NØH: Kva leser du for tida? Kva for forfattarar er du mest glad i?
EL: I løpet av livet har nok dei fleste mange favorittar. Dei siste åra har eg vore litt oppteken av den delen av den norske gullalderen på 1800-talet som ikkje er Henrik Ibsen. Eg visste jo at eg var glad i for eksempel Per Sivle, men at eg skulle utvikle så stor ømheit for Arne Garborg kom overraskande på meg.
NØH: Talet 7 er jo Guds tal, kjenner du deg nærmare Gud no?
EL: Ikkje nærmare, men litt rolegare kanskje. Og kanskje – for eksempel – Garborg var inne på noko då han hevda at eit menneske ikkje maktar å leve utan ei forestilling om Gud (i tydinga ei meining), jamfør essayet «Troen på livet» frå 1895. For han dreia dette seg om kunnskap og logikk, ikkje religion.
Det ligg ein viss kunnskap og logikk i fødselsdagar også, men ikkje så mykje. Meir kjensler. Og glede. Til lukke med dagen, Eldrid Lunden!