Skriva i glørne
Med smedfingrar
Let’s go!

(Kjartan Fløgstad)

——

Bygdabeatpoetens fridag

ein bygdabeatpoet treng visstnok berre to
ting: skrivemaskin & smerte

kanskje det, kanskje det
men å vere poet på ein sånn dag!

ein dag då sola barberer leggene
& iskremmannen smeltar nede i gata

sorry!
burns pound yeats ginsberg & kerouac
i dag får de greie dykk utan meg, karar

eg fiskar fram ei iskald øl &
pelmer skrivemaskina i bosscontaineren

så har eg verken skrivemaskin eller smerte

yes yes yes

det er fire timar til jenta mi kjem med toget
ho vil bringe med seg lukta av framande byar

ho vil ha beatpoesi i håret

(Arne Speed Mikalsen)

——

(pale fire)

eld

er etter

tenk som

flamme

(Kjartan Fløgstad)