Eit rekviem for Bruce Springsteen

I går gikk eg forbi køen ved Grieghallen, folk som skulle sikre seg Springsteen-billettar. Eg skulle på eit møte. Seinare på dagen gikk eg forbi platesjappene, eg såg Springsteen-plakatane og den nye Springsteen-plata der inne. Eg gikk rett forbi for å komme meg heim. Første Springsteen-konsert i Bergen! Ny Springsteen-plate! Bruce Springsteen! Å, det var ein gong eg kunne ha reist halve verda for å sjå Springsteen, halve verda, eg voks opp med dei songane, dei var lydsporet til dagane i Odda, lyden av min ungdom. Eg kunne ha reist til Nordpolen for å høre han spele, men så kom han altså til Drammen i 1981! Drammen! Eg sat der før konserten, hugsar at eg tenkte at om ei lita stund skal Springsteen stå der framme, stå der og synge, og det er ikkje til å tru. Og så kom han ut på scena, stod i det blå lyset, song «Factory». For ein konsert det blei. Å, det var ein gong eg samla kassettar og bootleg-plater, sjeldne studioopptak, fantastiske konsertar, b-sider, alt, eg måtte høre alt. Eg lytta meg gjennom alt saman i mørke kveldar, studerte, analyserte og tok inn kvar einaste song intravenøst. Kva skjedde frå 1975 til 2009? Springsteen var slik ein kul katt. Sjå på coveret til Born to Run og sjå på coveret til Working on a Dream. Kva var det som skjedde? Hør på «Jungleland» og hør på «Working on a Dream». Kva var det som skjedde? Springsteen var så god, han fusjonerte svart og kvit musikk, han fann opp rocken på ny, han var den beste mann som nokon gong har stått på ei scene. Det opptaket då han spelar i Europa for første gong! Hammersmith Odeon i London! Går det verkelig an? Kvar song ein eksplosjon! Kvart refreng ei bombe! Ein fyr frå New Jersey i strikkelue? Og no? Ein familieunderhaldar, ein halvslapp gjøglar, ein trubadur for presidenten. Tittelsongen på den nye plata må Springsteen ha skrive på fem og eit halvt minutt. Eg blir ille til mote bare eg hører den songen. Eg stod på Valle Hovin i fjor med flau smak i munnen. Kva var det han heldt på med? Eg hadde mista Springsteen, det var over. Han som var så god, kva var det som skjedde? Eg kjenner verkelig at eg er lei meg for dette, men det måtte vel gå slik? Ei kjensle av tid, dagane som har gått, tida som har gått, tapet av ei uskuld, tapet av Springsteen. Slik er det. Eg kjenner likevel at eg ikkje greier å riste han heilt av meg. Eg kjem til å ha dei songane med meg for alltid, eg er glad eg hørte dei, og eg er glad eg hørte Springsteen då han var den beste. For ein artist han var.

– Frode Grytten


Tilbake til forsiden
<