I fjor gav ho ut den lille romanen Flytårn, og den blei godt likt. I vinter gir Mette Karlsvik ut ein ny liten roman, som fort kan bli godt likt også den. Tittelen er Pol, men nei, det er ikkje ein roman om jevn drikking av polvarer utanfor polet, og forfattaren har heller ikkje gått i fotspora til Nansen til Nordpolen. Så kva har ho gjort? Kva for ei bok er Pol ved første blikk? Tja, det er ikkje heilt enkelt å svare på det. Eller jo, man kunne sagt mykje om at det handlar om ei kvinne som jobbar i avis og så vidare, men kva man skulle sagt om man måtte si noko lite om boka? Ein sånn tisekundar, du veit. Frå filmbransjen. Out of Africa meets Pretty Woman, som det til dømes heiter i ein av mange manuspitsj i filmen The Player. Skulle ein kunne pitsje Pol på samme vis? Veit ikkje. Trur ikkje. Trur heller vi stiller nokre dumme spørsmål til forfattaren, om det er greit for ho:
NØH: Det er eit dustespørsmål, kan hende, men kvifor så uvanlege namn på romanpersonane dine?
MK: Hehe, er Tommine og Pola meir uvanlege enn Olaug Nilssens Sørine og Ølgjer, til dømes? A girl named Pola er forresten Sister Sonny sin skapnad!
NØH: Eit første førsteinntrykk av Pol er at den er noko vanskeleg, eller i alle fall utfordrande i forteljarmåten sin, kva tenkjer du om det?
MK: Tekst er best med enkel syntaks, men ekte, kanskje utfordrande kjensler. Elles liker eg sceniske tekstar som leier meg gjennom plassar, møter med folk, og gjer meg interessert i kva som skjer der. Dette skjer helst så sakte at eg rekk å sjå meg grundig omkring, tenke meg om undervegs, og gjerne finne ut at eg trivs der … Handlinga i førre boka mi, Flytårn, var frå toppen av eit tårn. Eg tenkte det var eit miljø kor det var viktig å skape ein slik roleg og forhåpentleg lite engsteleg atmosfære. Det handla jo om luftfart, kor fråveret av angst er viktig for sikkerheits skuld. Pol er skrive frå ein avisredaksjon. Synsvinkelen er frå midta av mange hendinger. Det skjer meir og er mindre ryddig. Hovudpersonen har eit mindre homogent, kanskje rikare, men potensielt meir angstfremmande tilvere. Ho ser meir og veit meir om skuggesidene i samfunnet. Flygeleiaren såg bokstaveleg tala over mange ting … Forteljarmåten i Pol reflekterar kanskje sinnelaget til hovudpersonen. Det sprik i fleire retninger, og blir forstyrra av eit mangfald av inntrykk. Kanskje er det noko vanskeleg og utfordrande. I beste fall er det kanskje eit slags spegel av noe faktisk.
NØH: Ja, apropos Flytårn: flyfart sist gong, klimaet no: Er du iferd med å bli ein tematisk, til og med politisk, romanforfatter, Mette Karlsvik? Og om så, kva for ei rolle kan romanen, eller skjønnlitteraturen,
spille i dei store samfunnsmessige spørsmåla?
MK: Orsak meg, no, om eg kjem med sjølvsagte ting, eller får dei som les dette til å kjenne seg undervurdert. Men dette kjem eg til å tenke på no: Vi kan lære ved å kopiere folk, ved å bli fortalt korleis ting bør gjerast. Vi lærer visst mest effektivt på første måten. På same måten trur eg også at vi lærer mest av romanar som bare ber den rette haldninga i seg utan å moralisere eksplisitt. Slike romanar kan virkeleg gjere endring på eit grunnleggande haldningsplan, trur eg, og føretrekk romanar kor det politiske aspektet er underspelt, endåtil ikkje tilsikta, demonstrerar god politikk i praksis … Eg var ein tematisk romanforfattar i dei første tre bøkene mine. Men politisk, eg veit ikkje om eg kan skryte på meg det. Eg veit heller ikkje kva som skjer vidare, anna enn eit stortingsval kor det som vanleg blir viktig for oss kunstnarar å halde Frp frå makta. Heldigvis er det adventstid og jul før dette, og forhåpentleg fredelege dagar med moglegheit til å gi og få frå kvarandre.
NØH: I kor stor grad har du brukt eiga journalisterfaring i skrivearbeidet?
MK: Eg jobba for laudagsbladet til BT i fjor. Også difor sendte eg manus til lesarombudet i BT, Terje Angelshaug. Det var mellom anna for å høyre om eg tråkka over grenser mht. lojalitet for arbeidsgivaren. Det var òg for å få ein fagmann sitt syn på teksten. Tilbakemeldinga var positiv, og oppmoa meg til å halde fram. Det inspirerte meg vidare, og gav meg ei god kjensle for norske medier sin vilje til å vere gjennomskinnelege, sjølvkritiske og medvitne sin eigen rolle i høve demokratiet.
NØH: Har du respekt for media?
MK: Eg kan ha vore heldig som har jobba for gode aviser. Tidens Krav i Kristiansund er ei ekte arbeidaravis med ein elektrikar som sjefsredaktør. Kulturredaktøren i Romsdals Budstikke er ein gamal kongekrabbefiskar, og har òg vore på gølvet ei vintarnatt. Eg har òg vore i redaksjonene til eit avismagasin med eit nesten ideelt fungerande demokrati kor «alle» var autoritetar, journalisten sin integritet var betydeleg, og diskusjonen om idear og tekstar viktig. Derfrå tok eg med meg at journalistgjerninga bare handlar litt om å skrive, og mest om morgonmøta, bildemøte, osv. Men det aller viktigaste er jo å vere sympatiske redaksjonsmedlemmer og samfunnsborgarar som ser og høyrer kvarandre. Viktig er også research og arbeidet i felten. Tekstarbeidet kjem til slutt og etter alt dette.
NØH: Kor viktig var det å bruke teikningane til Bruno Blanchard i den nye boka? Og kven er no han for ein?
MK: Bruno Blanchard er ein fransk målar busett i Bergen. Bilda hans har sterke kontrastar. Samtidig er det noe flytande og nyansert der. Kartteikninger går over i landskap. Kultur møter natur, osv. Eg håpar at bilda kan bidra til ei stemning i Pol. Sjå t.d. http://www.artactif.com/blanchard-bruno.