​til david bowie (1947-2016)

Den 10. januar 2016 døde David Bowie. Klokka åtte om morgenen hørte Frode Grytten dødsbudskapet på radio. Rett etterpå skrev han dette diktet, som ble sendt i Salongen seinere samme dag.

1

før eg tar til skrive for alvor, teiknar eg
eg teiknar og målar og klipper ut farga ark
lenge før eg tar til å skrive dikt, lagar eg bilde
som eg har på guterommet og på hybelen min
bilde som eg etterkvart tar til å selje til dei som
ser dei og likar dei, 25 kroner, 50 kroner
til og med 200 kroner kan eg ta for eit bilde
så slukar skrivinga meg og eg sluttar å teikne
men dei bilda eg lagde, dei var av david bowie
david bowie som ziggy
david bowie som the thin white duke
david bowie slik han er på coveret av heroes
ein kompis ber meg teikne bowie slik han
er på scary monsters-coveret, eg får 500 spenn
og eg ber han komme igjen neste søndag
og då gir eg han ei elendig teikning og eg ser
kor skuffa han er, og eg flirer for i bakhand har eg
den beste bowie-teikninga eg nokon gong kjem til å lage

2

trettifem år seinare sit eg på cafe opera i bergen
med den nye bowie-plata i bæreposen, og eg snakkar med
john olav om bowie, john olav likar verkelig bowie
men han var fire månadar gammal då let’s dance kom ut
og eg må forklare han at eg elskar bowie fordi bowie var så rar
det bergen eg vandra rundt i den gongen var
så grått og trist og lukka og snauklipt
bowie var alt det andre, det som var bortanfor
bortanfor bergen og granskogar og sosialdemokrati
du visste ikkje kven bowie var
du visste ikkje ein gong om han kom frå denne planeten her
han sirkla i lufta, han fall mot bakken
med ei tyngd som flytta inn i magen, inn i hovudet

3

og same kveld har eg vennane mine heime hos meg
pedro og annlaug og ivar og einar
vi drikk og tøysar og preikar alvor
slik ein skal gjøre ein fredagskveld
og så spelar vi den nye bowie-skiva
slik dei sikkert gjør i så mange hus
denne dagen, i london, oslo, malmø, bodø, singapore
endelig ei god bowie-plate, endelig
når skjedde det sist?
michael som er saksofonist seier at det må vere dei der
new york-jazzistane som har fyrt bowie opp
nei, seier eg, eg trur han veit at han skal dø
han veit at han må lage ei siste god plate
før han dør, slik er det med alle som
ser døden i auget, dei veit at dei må setje eit punktum

4

klokka åtte i dag, alle dei vanlige morragreiene
ungar som skal ut døra, vinter som ligg over landskapet
radioen står på med sin muzak:
rockeartisten david bowie er død, 69 år gammal
i eitt minutt eller to forstår eg ikkje
i eitt minutt eller to entrar døden dette huset
desse romma som er så fulle av liv og kvardag
kva er det pappa? seier ungane, kva er det pappa?
eit skred gjennom kroppen
david bowie er ingenting
david bowie er blitt til david robert jones igjen
ashes to ashes, dust to dust
slik er det, ingenting som har nådd fram
vil bli verande
slik er det, sjølv om vi tar denne turen
så er det ein annan tur, langt meir merkelig
som vi blir nødt til å ta

5

eg veit ingenting om døden
alt eg veit er at den turen bowie tok
baklengs og forlengs, opp og ned
den turen ga meg søtsmak i munnen
den turen teikna eit stjernekart i stovetaket mitt

Relaterte artikler