– Spania fann opp dette spelet på ny

Så var EM over for denne gang. Og ikke så veldig overraskende stakk Spania av med bøtta. Gratulerer fra oss! Vel fortjent, gutter! Og i kjølvannet av den imponerende finalen har et hav av eksperter verden over sagt ting som «historiens beste», «aldri sett lignende», «glem Brasil, glem Argentina, glem Holland og Italia»: dette er ikke bare det beste verden har sett til nå, men det beste vi noen gang kommer til å se. Sterke ord. Men hva tror panelet vårt? Er Spania av 2012 historiens beste lag?

Les svar fra Frode Grytten, Tom Stalsberg og Oddmund Vaagsholm.

Frode Grytten: Dei harde fakta: Spania er einaste landslag som har vunne tre meisterskap på rad. Dei har spelt ti kampar i utslagsrundane utan å sleppe inn eitt einaste mål (dei har skåra 14). Om ein tar med ekstraomgangane, betyr det at dei har spelt 960 minutt på høgste nivå, i dei viktigaste kampane ein kan spele, utan å sleppe inn eitt einaste mål. Dei har rett nok slite meir i gruppespelet (men bare tapt for Sveits i 2010). Jo, fakta fortel oss at dette er det beste landslaget nokon gong.

Dei mjuke kjenslene: Ta dei første 20 minutta i finalen mot Italia, før kampen hadde sett seg, før kort og skadar, før alt var over og ut for italienarane, då alt stod på spel. Spania var drivande, dynamiske og dødelige. Dei var presise, kjappe og fantasifulle. Ein kvar som hadde snakka om eit kjedelig lag, kunne gå ned i vaskekjellaren og sortere sokkar. Og dette var i EM-finalen, og motstandaren var Italia, og Spania spelte dei trill rundt. Kor vakkert.

Den endelige dommen: Ein kan vere nostalgisk, ein kan ha lagt si elsk på eit lag frå gamle dagar, men fotball er eit anna spel i dag enn for ti-femten-tjue-tretti år sidan. Alt går fortare, alt er betre, alt er mykje, mykje betre. Bare sjå ein av dei gamle kampane i opptak. Det er ikkje same spelet. Spania fann opp dette spelet på ny, og dei gjorde det med stil og verde og respekt for sjølve fotballen. Det skal meir enn ein utdatert landslagstrenar i sjøstøvlar til for å fjerne gleda over Spanias dominans. Jo, hovud og hjarte konkluderer likt.

Tom Stalsberg: Tre mesterskap på rad; ingen tvil. Valiumfotballen har seiret, ta min kalk.

Oddmund Vaagsholm: Jeg føler meg for ung til å bedømme om Spania er tidenes beste lag. Ville dagens Spania for eksempel ha slått Brasil anno 1970 med Pelé, Jairzinho og Rivellino? Eller ville de ha slått Nederland med Rinus Michels' totalfotball fra 1974 med Neeskens og Cruyff på topp? Hva med Brasi anno 1982, som de fleste kjennere pleier å holde for å være tidenes beste lag, med spillere som Zico, Eder og Sokrates? Dette er selvsagt umulige spørsmål å besvare, selv for dem som har sett samtlige av disse lagene. Men til disse menneskene, som nødvendigvis må være de best kvalifiserte, skulle jeg like å spørre: Har virkelig noen andre storlag vært så overlegne at de også pleide å forsvare seg med ballen?

Relaterte artikler