Sommerdagboka: Kjersti Wøien Håland

JORDBÆR

du ber jorda i deg
og stjernefrø
og hjartesaft
og punkens
grøne hanekam
eit løfte om
fløte og sukker
og revolusjon
eg lukkar auga
og tar ein bit
sumaren opnar seg
som eit egg
det klekk i munnen
eg geipar så alle kan sjå
sole skine på tunga

Relaterte artikler