Sommerdagboka: Heidi-Anett Haugen

Kva eg ynskjer er å ha blomar i håret, slike markblomar fletta inn i kvarandre av livlige mjuke lystige kåte fingrar. Å, eg strålar som sola, så raud i kjakane, av glede, av fryd, av at hjartet mitt bankar der ein stad, inn under ribbeina mine (nei dette kan ingen ta frå meg). Dette augeblikk av salig glede. Himmel og jord. Og eg syklar, eg flyg. Grusvegen. Eg landar i graset, det er høgt og skilar på leggen. Eg er barbeint og våt.

Relaterte artikler