Sommerdagboka: Håvard Nyhagen Henriksen

Å det var hyggelig, men
eg er ganske travel for tida
Lat meg koma tilbake til deg
Eg må uansett på jobb den kvelden
Eg må på ferie også
Eg bestiller tur så fort me har prata ferdig
Eg tenker ikkje på deg på den måten
Eg tenker ikkje på deg i det heile tatt
Eg må vaske håret
Eg må vaske katten min
Eg må oppdatere instagramkontoen
med bilete frå ein roleg heimekveld
Pyjamasen har følt seg einsam siste dagane
og eg vil ikkje øydelegga det gode forholdet vi har
Det er viktig å ta vare på sånne.

Relaterte artikler