Sommerdagboka: Erlend Skjetne

(Horisont)

Eg lagar ved. Eg veit ingenting om tre,
anna enn at lauvet er vakkert.
Men grannen tok meg med
for å rydde skog langs fjorden.

Tomta, klemt inne mellom vegen og fjæresteinane,
var hans. Motorsaga var hans, og kappsaga likeins,
og øksa er hans, men ligg i mine hender –
og veden blir min, blir vår.

Eg står om ettermiddagen under blømande bjørker,
mellom svarmar av mygg som no i dag har vakna
frå den siste skitne elveisen.
Inne frå skogen lokkar den heilage gauken
opp i kronene, inn i sevja.

Sjølvsagt treffer eg skakt med øksa,
og skiene blir skakke,
men dei brenn ikkje dårlegare av den grunnen.

Gjennom heile den svale sumaren
skal dei liggje i løynd og konsentrere kreftene sine.
Morgonen etter den fyrste frostnatta
skal eg endeleg brenne dei lyse minna.

Relaterte artikler