Sensommerdagboka: Kjersti Wøien Håland

EG ER VAKSEN NO

eg drar til Dublin åleine
kvifor ikkje
eg er vaksen no
alle vennene mine er der alliakavel
bøkene, murhusa, visesongen og mytene
eg drar for forfattarane og regnets skuld
var eg eit barn ville eg prøvd å fått meg ein venn
men eg er vaksen no
Dublin er vakker utan å ville det
lyden av tjukke r-ar og magien av at
my blir me
som om alt du kan kalle ditt eige er deg sjølv
me city, me street, me coffee cup, me love, me loneliness
eg må halde meg for ikkje å synge
Molly Malone, seven drunken nights, dirty old town
eg syng dei i dusjen
går ut i gata og går meg vill
og tenker «kor deilig at ingen venter på meg»

eg les De Profundis på ein kafé
eg ser Becketts telefon
den har ein raud knapp
som kan avvise samtalar
eg ser for meg nokon som venter for evig på at Godot skal ta telefonen
eg ser bøkene på Trinity College
var eg eit barn ville eg hoppa over gjerdet og prøvd
å klatre opp dei gamle tre stigane til toppen av dei støvete bøkene
eg går heller langs bystene av menn langs bokhyllene
Shakespeare, Cicero, Newton
på Writers Museum ser eg reklame for ei utstilling
«Irelands other writers»
om kvinnelege forfattarar
lurer på om det er Beauvoir-ironi eller faktisk ment
at dei er dei andre
han sat i fengsel, Wilde
og etterpå vart han gradvis blakk og vennelaus
han var den andre han også
eg ser ein film om hans siste år på irsk film institutt
eg liker den sånn passe
vil heller lese han enn å sjå
nærbilete av ein nedbroten mann
kamera seier: sjå kor tragisk det heile var
eg tenker på sitatet som står på alle kjøleskapsmanetar
i alle turistbutikkar
we are all in the gutter, but some are looking at the stars

skyene heng tungt over Dublin
og eg svevar på ei tung sky
over O’Connel bridge
ein blå gut heng ned hodet over eiga skulder
søv han eller har han dødd her
ein tom flytevest
i bølgene av turistar
rundt auga har eit blåmerke vrengt seg frå innsida ut
var eg eit barn
ville eg satt meg ned
og haldt handa hans
for eg ville tenkt
kor fint det var å ha ein blå ven
når eg kryssa for tredje gongen
for å forsikre meg om at han levde
slapp eg penger ned i koppen hans
for eg er vaksen no

i Kilmainhaim Gaol
græt resepsjonisten
fordi eg heiter kjersti
og namnet mitt er norsk
og ho hadde hatt ein norsk elghund
da ho var barn
rundt ho virka folk uberørte
kanskje græt folk
ofte i Kilmainhaim Gaol
der Irlands historie lekker ut av kulehol
i sandsekkar
der kvinner, menn og barn
vart fengsla utan straum og vatn
kanskje er tårer det som aldri straffast her
I miss my childhood dog too, sa eg
og satte headsetet på

guiden vår græt når ho kom heim den kvelden
korleis veit eg det?
ho var så nær då nokon lo
på grusen utafor
der påskeopprørarane vart skutt
ho skalv i stemmen da ho sa
dette er ikkje morosamt
dette er vår historie
dette er irsk historie
ha litt respekt
var eg barn
ville eg klemt ho då
fordi eg såg at ho ropte
når ho ville grine
kanskje ikkje for opprørarane
kanskje var ho sliten
kanskje såg ho gjenferd kvar dag
var eg barn ville eg spurt ho
men eg kjøpte Uavhengigserklæringa
på ein kjøleskapsmagnet i gåvebutikken
og fortalte ho at det var
«really interesting. Thank you.»
eg er vaksen no

eg sit på turistbuss saman med
spanske lærarar og flyvertinner frå sør-Korea
vi ser trær og slott
på Giants Causeway sklir eg rundt på den magiske steinen
i Belfast heng Pride-flagget foran dronning Victorias statue
det er stille i byen
nesten ingen mennesker er ute
det er søndag og alt er stengt
eg snakkar med den spanske læraren om finanskrisa
vi finn ein kaffe
snakkar om Madrid
eg seier ho bør sjå The Big Short
det er det siste vi seier til kvarandre
får ikkje sagt hadet når vi kjem tilbake til Dublin
der alle er ute i gatene
og eg høyrer live musikk frå kvar pub eg går forbi
tar opp polaroiden eg tok av eit heimsøkt slott
sola har blitt svart med eit grønt omriss over slottet
var eg barn hadde eg tenkt det var heksene frå historia
som gjorde sola grøn

på Ha’penny bridge sit ei jente
var det sult eller dop
som gjorde fregnene hennar
pergament-gule
ho ser ut som nokon eg kjenner
vil si hei, korleis går det
er du kald, kor skal du sove i natt
men eg er på veg til å ete
så eg gir ho det eg hadde tenkt
å gi i tips
God bless you love
og eg lurer på om gud
kan velsigne ein trist ateist
på ha’penny bridge
for kjærleiken som berre kjem ut i grønt
eg ba på grava til St.valentine
i Our Lady of Mount Carmel
om å ekspandere kjærleiken
så den kan røre dei som aldri ville kjenne oss
om eg var barn ville eg bedt
om at eg sjølv kunne møte den store kjærleiken
men eg er vaksen no.

Relaterte artikler