Parispostkortet

Paris, Heidi Furre

To sammenfallende ting: Heidi Furres fabelaktige Parissyndromet er ute i pocket (jippi!) samtidig som den fabelaktige Heidi Furre er ute i Paris. Du kan ikke reise hjem igjen, heter det jo, men bort igjen er alltid fint. Og i dag ramla dette postkortet ned i boksa vår.

«Eg våknar av at lufta i liggeunderlaget mitt har gått ut, eg teller på klokka at eg har sove i fem timar. Dei andre ligg som tre sardiner i senga. Eg benyttar sjangsen til å dusje først, det er ein sånn dusj der man må sitte i badekaret og holde dusjen sjølv, eg har aldri forstått poenget, kva som er den riktige måten å sitte på, eller om man kanskje burde stå. Eg har fått eit myggstikk som har vokst til ei imponerande vannblemme, angrar på at eg ikkje tok med allergimedisinen min. Eg viser blemma til dei andre, med reaksjonar som wow og i am so sorry this is happen to you. Det er fire år sidan me budde her, fire år sidan me dansa oss så svette om nettene at det føltes som nokon hadde helt ei bøtte med vatn over oss. Me legg oss i parken, snakkar om at dj’en var bra, at me kanskje var dei eldste som var der, som bestilte vatn i baren og hadde ergonomiske sko på føttene. Eg kjem på at me stod ved elva, og at ein mann gjekk forbi og tok tak i rumpa mi med begge hender, at eg slo ut med armane og sa nei på mitt eget språk. Det var derfor eg ikkje ville bu her lenger, eg hadde nesten gløymt det. –Det er nesten bra at det skjedde, konkluderar me. Eg tenker på Paris som det faktisk var, om eg skulle skreve om Paris som det var ville ingen trudd på meg, ingen ville orka å lese, det ville vore for mykje, det ville aldri vore ein rød tråd, det ville vore nye karakterar på kvar side som forsvant på neste, det ville vore eit ufattelig, støyande kaos. Det er ein gratiskonsert i parken, eg veit ikkje heilt om den har begynt eller om den skal begynne. Ein som sit ved sida av meg på graset spør kva slags dop eg tar. Eg seier ingenting. Han ser på meg med rus i blikket som om eg var ein hallusinasjon. –Aldri? spør han. Eg seier never ever ever ever. Det er ein varm dag med regn i lufta, på kvelden begynnar lynet å slå over himmelen, me opnar begge vindua i leiligheten og prøvar å ta bilder av strålene som smeller over byen. Alle bildene blir svarte. Me snakkar om at Los Angeles ligg oppå to jordplater som når som helst kan smelle saman i tidenes jordskjelv, og at jordskjelvet allerede er på overtid. Uværet varar heile natta, eg våknar fleire gongar av tordenskall og regn som kjem sidelengs inn vinduet. Eg prøvar å ikkje klø på myggstikket. Me går til stamkaféen vår, det er ein heilt vanlig, passe skitten kafé, men det er den eg savnar aller mest, oss på den kaféen, kva om me skjærer den ut og tar den med oss heim, sender heile sjappa med eit skip. Så sender me ein annan bit av Oslo tilbake, noko som vil passe fint i krateret av Cafe Cherie. Me kjøper japanske silkesjal. Får med oss siste dagen av ei utstilling. Ser på utsikten. Tar bilde av Eiffeltårnet. Spør om andre turistar kan ta bilder av oss foran Eiffeltårnet. –Tenk at me var her i to år, seier eg. –Er det ikkje snart nok? Me søker ly for regnet under ei uteservering, snart går siste metro heim, regnet blir verre og verre. Me teller til tre og spring hylande gjennom gata.»

- Heidi Furre, Paris, 12 juni, 2014

Relaterte artikler