– Og Makoto Ozone spelte så eg gret

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Tidleg på nyåret skreiv Bergljot Nordal ein boksingel av jazz. Yes, ein boksingel av jazz. Det går heilt fint an. Den opnar med ei jente som spelar kasettane til storebroren sin: «skrivne på med tusj// porter/ monk/ ella// og høyreklokker store som koppar/ fylt med gull/ tenk koppar/ fylt med gull ...» Jenta får ikkje nok av det. Av jazzen. Av fridomen. Av framand frukt. Og så: «etterpå/ då eg skulle pusse tennene såg eg eit framand ansikt/ i spegelen». Som er den augeblinken kor ho endeleg finn seg sjøl – og difor må forlate seg sjølv. Bli kjent med livet sitt på nytt. Slik heiter singelen. Og svingar som eit lite helvete.

FF: Korleis er det mellom deg og jazzen no for tida?
BN: Det svingar, på alle måtar. Hausten er jo jazz. Og oktober er den ultimate jazz-månaden med blå tonar i både vær og vind. Og sinn. Dessutan har eg verdas beste jobb som pianolærar på kulturskulen, og der har vi blues-prosjekt med elevane for tida. Altså, det å kunne stå opp om morgonen og planlegge dagen med B.B King, Nina Simone og Duke Ellington, er jo rein terapi.

FF: Og korleis er det med deg og dansegulvet?
BN: Meg og dansegolvet møtast sjeldan. Altfor sjeldan. Men det anar meg at vi skal møtast når det nærmar seg jul. Då skal eg ta saka opp på nytt.

FF: Og høyrer du framleis på bror din sine gamle miks-tapes?
BN: Kassettspelaren er gåen. Men eg veit jo kva eg skal søke på. Og snart får eg meg ny CD-spelar. Då vil alt ordne seg. Aller mest ynskjer eg meg ein walkman eg kan kople til anlegg. Finns det?

FF: Har forma du fann fram til i SLIK blitt med deg vidare? Skriv du framleis på jazzvis?
BN: Jazz er jo så mykje, og så fritt. Så, ja. Eg er ikkje så god på strenge rammer og faste rim- og rytmemønster. Det er ok å lese, men eg blir sint av å skrive slik.

FF: Og kva er instrumentet ditt om dagen? Kontrabassen? Trompeten? Trommene?
BN: Nekter å velge. Magnus Öströms trommer. Og alt med strenger. Men, ok. Jo, eg velger. Trommer. Det er trommene. Nei, forresten. Scofield har vakna att. Og dessutan var eg på ein … «episk» er ikkje dekkande … konsert med Dave Weckl Acoustic band på Nefirititi i Göteborg i vår. Og han speler ikkje trommer, han pustar, og ikkje trommer, men musikk. Det var sånn ut av verda-oppleving. Type, meininga med livet. Og pianisten hans; Makoto Ozone, spelte så eg gret. Kan også nevne at Tom Kennedy spelte som ein verdas goffa på kontrabass. Eg sendte melding om det til bror min som er bassist, og då gret han.

FF: Og har du tenkt over at evt danske lesere vil tro diktene handler om godteri?
BN: Ha. Det har eg ikkje tenkt på. Men det opnar jo lesinga endå meir. Eg er ikkje spesielt glad i godteri, men har ikkje tenkt å blande meg i andre sitt ynskje om slik.

kastar meg på senga og strekker føtene mot taket

og tenker at det kan vere slik i nokre timar til

eg kan ligge slik til alt blodet har rent frå føtene

til hovudet
slik at pulsen
frå dansen
set seg i panna og tinningen

gjer du alltid det med alle

vil eg seie
gjer du det alltid slik
med alle
som renn ned døra di
spelar du
alltid denne plata og
desse låtane slik
at dei som renn ned døra di mister seg sjølv og
let seg renne over og
legg seg med hovudet utanfor sengekanten og føtene mot taket
til dei kjenner sjøbrisen frå Louisiana?

ute er det ikkje knitrande vinter og svart skog men dampande

sump og gnistrande gamle stemmer på terrassen og eg er født
for seint og langt unna

hav av tid og

hav av hav
mellom meg og livet

(fra Slik av Bergljot Nordal)

Relaterte artikler