Min såkalte TV-serie: Ruth Lillegraven

Fins det noe bedre enn TV-serier? Er det noe som slår den lille halvtimen eller timen i uka (for de som følger TV-programmene), eventuelt de endeløse dagene i sofaen (for de som kjøper sesongene på DVD) i selskap med mennesker du aldri har møtt men kjenner bedre enn deg selv? Ruth Lillegraven har nesten jobba med det samme som noen av heltene i favorittserien hennes.

Kva er din favoritt TV-serie og kvifor?

– Det må bli The West Wing, som eg i si tid blei introdusert for av flammegeneral Nils-Øivind. Sidan har det vore serien min. Eg har hatt flings i det siste, vore besett av både Damages og Forbrydelsen. Begge er dei langt meir spennande enn The West Wing, sånn målt i adrenalin. Av og til slumrar eg framfor TWW, eller Presidenten, som den heiter på norsk. Likevel vender eg alltid tilbake til den. Å sjå på denne serien kjennest litt som å kome heim. Boksen med alle dei sju sesongane er blant mine kjæraste eigendeler. No ser eg The West Wing for tredje gong – og er komen til sesong fem.

Har du ein favorittepisode?
– Episoden i sesong 1, «In Exelcis Deo», der Toby arrangerer militær gravferd for ein uteliggar som har blitt funnen med visittkortet hans på innerlomma, og som viser seg å vere ein Koreaveteran. Det er jul, og over heile episoden flyt ein majestetisk versjon av «Little drummer boy», som sit i hovudet lenge etterpå. (Digresjon: Sit og høyrer på den på Spotify i skrivande stund – ekstrem boost for julestemninga) Særleg sterkt blir det av at Mrs. Landingham, sekretæren til president Bartlet, som sjølv mista begge sønene sine i krig, blir med. Nesten like rørande er siste episode i sesong fire, der dotter til presidenten, Zoey, blir kidnappa, og Toby får tvillingar. Etter å ha fått tvillingar sjølv, blir eg nok litt ekstra riven med av den, ja. No høyrest det ut som dette er reine suppeserien, men det er det altså ikkje. Aller mest handlar den om politikk og makt. Og så er det faktisk mykje å le av. Eg elskar den tørrvittige The West Wing-humoren, dei mange intelligente og lakoniske replikkane.

Favorittkarakter?
– Det er lett å svare CJ, ho er så kul, så tøff, så velmeinande og ærleg. Men i grunnen skiftar det litt frå episode til episode. Josh er ein favoritt, Abby det same. Nei, det er umogleg å velje, ein blir like glad i alle saman. Eller, aller mest glad blir ein kanskje i Leo og Jed, presidenten himself. Kjenner eg gruar meg til det er heilt slutt – igjen.

Og har du, i mangel av bedre verb, fått bruk for favorittserien i det daglige?
– Nja. Eg har faktisk jobba for eit par statsråder. Usikker på om eg har hatt direkte nytte av dei mange timane framfor The West Wing, men trur i allfall den har gitt meg litt livsvisdom med på vegen. Ja, det håpar eg.

Relaterte artikler