Min såkalte TV-serie: Kjersti Wøien Håland

Det etiske politi

Fins det noe bedre enn TV-serier? Er det noe som slår den lille halvtimen eller timen i uka (for de som følger TV-programmene), eventuelt de endeløse dagene i sofaen (for de som kjøper sesongene på DVD) i selskap med mennesker du aldri har møtt men kjenner bedre enn deg selv? Flammes Kjersti Wøien Håland syns personlig at The Newsroom er helt fantastisk.

FF: Hva er din favoritt TV-serie og hvorfor?
KWH: Har mange favorittserier men i det siste har eg forelska meg i The Newsroom. Det er ein HBO-serie om ein nyhetsredaksjon i New York. Serien er fra vår tid, og bruker ekte saker fra media som vi husker, og som setter presseetikk på agendaen. Den er nyansert og eg er ikkje alltid enige med alle karakterane i alt, men dei har ein moralsk agenda angåande pressas funksjon. Dei skal informere sjåarane så dei kan ta riktige avgjerer, ikkje fungere som underhaldning. Dette er ein serie om smarte, etiske menneska som forsøker å gjere noko viktig i en tid da media stort sett fokuserer på realitykjendisar, og politikarar kan komme unna med å sei kva som helst fordi vi alle er distrahert av kva som skjer på Jersey Shore.

FF: Har du en favorittepisode?
KWH: Kan eg sei to?
FF: Ja.
KWH:  «I'll try to fix you»: En politikar blir forsøkt drept og nyhetsredaksjonar over heile linja erklærer ho død, bortsett fra vår redaksjon da dei er usikre på kjelda. Når presidenten i firmaet kommer innom og pusher dei til å erklære ho død kommer replikken «she's a person, a doctor pronounces her dead, not the news». Den andre er «Amen» som handlar om dekninga av demonstrasjonane i Egypt. Samtidig blir dei pusha av ein sladderspaltist som meiner å dekreditere produsenten ved å publisere ein sak om at ho etter det som ble opplyst satte crewet sitt i fare da ho var i Afghanistan. Det fører til ein tale fra seriens hovudperson, nyhetsanker Will McAvoy, om kva journalistar er og ikkje er.

 FF: Favorittkarakter?
KWH: Alle. Ein av dei eg likar best er Sloan Sabbath som er finansreporter med doktorgrad i økonomi som heller vil jobbe som journalist enn analytikar til tross for at det ville tjent ho mykje meir pengar. Ho prøver heile tida å få fram viktigheita av å bli informert om den økonomiske situasjonen, og gjer at eg får lyst til å sette meg inn i samfunnsøkonomi. Skjønner ingenting av kva ho sier her, men får veldig lyst til å finne ut av det for å se om det stemmer.

FF: Og har du, i mangel av bedre verb, fått bruk for favorittserien i det daglige?
KWH: Du veit når du sjår på enkelte tv-program og du føler at du blir dummere og dummere bare av å sjå på det? Dette er det omvendte tilfelle. Dette er smart TV om smarte menneska som prøver å gjere noko riktig, men som ikkje er perfekte. En serie som tør å vere litt moraliserande og det syns eg tv-sjåarar har godt av. Eg får lyst til å sjå på nyheiter og eg får lyst til å bli oppdatert så eg kan vere eit fungerande medlem av eit samfunn. Eg får følelsen av at tida vi lever i ikkje er ei skygge av viktigare hendingar i fortida, men at det fortsatt er rom for etiske diskusjonar om kva vi skal gjere med verda og korleis vi skal diskutere kva samfunn vi vil ha. Det er ei kjensle eg ikkje har hatt på ei stund.

Relaterte artikler