Min metafor (82)

Ida Hove Solberg og katt

Det er noe med et godt bilde, en slående simile, en perfekt metafor, som rører i oss mennesker. Ikke sant? Vi spør derfor: Hva er din favorittmetafor akkurat nå – og hvorfor? I dag: Ida Hove Solberg.

Å sette om, å føre over, å dikte på nytt, skrive på nytt, skape på nytt. Trufast eller fritt, det umogleges kunst har garderobar fulle av språkdrakter, der nye stemmer vert skrivne fram, knadde og vridde; språket vert tøygd, bevart, strekt eller smidd om, og tekstane presenterte eller medierte av ein skodespelar, ein hamskiftar, ein kameleon, ein ordsmed eller rett og slett noko usynleg noko. Det blir knirkefri flyt eller luggande motstand.
 
Måten vi snakkar om skjønnlitterær omsetting og omsettarens arbeid på, er proppfull av metaforar. Ein kan nesten ikkje unngå det, slik er det jo ofte med dei fenomena det er vanskeleg å gi ein eintydig og inklusiv definisjon av. Kva som er min favoritt, er vanskeleg å seie. Kanskje er det omsettaren som skodespelar. Det er eit bilde som ber med seg tolkingsarbeidet og nyskapinga som ein ofte gløymer er ein viktig del av det å vere omsettar. Eg likar også tanken på at omsettaren legg språklege (3D-)puslespel, men den er vel mindre kjend?

Relaterte artikler