Migranten: Anna Kleiva

Foto: Yngvild Gotaas Torvik

Det fins knapt en mer utslitt og samtidig slitesterk metafor som hjemmet. Å komme hjem. Å dra bort. Emigrere. Bosette seg. Finne ut av alt på nytt. Og alt man kan gjøre med vegger og tak. Det tar ikke slutt. Og det kommer neppe til å gjøre det. Vi snakker med forfattere om flyttemønsteret deres – og hussistuasjon kontra skriving. I dag: Anna Kleiva, som snart er aktuell med sin andre skjønnlitterære utgivelse Vårar seinare.

FF: Du har flyttet fra og til og når?
AK: Hm. Sist gong eg flytta frå ein kommune til ein annan og tok med meg alle tinga mine og tenkte at no flyttar eg, var vel då eg flytta til Oslo hausten 2012. Før det hadde eg vore eit halvår på Vinstra, der eg er vaksen opp, og før det eit halvår i Paris, og før der igjen budde eg i Bergen, så det var Bergen eg flytta frå.

FF: Tenker du at du har flyttet for godt?
AK: Nei.

Gålå

FF: Hvilket sted er hjemme?
AK: Heime er framleis Vinstra. Huset der eg er vaksen opp, skogen rundt, «sentrum», og fjellet, særleg Gålå (bildet over), sjølv om det ligg i nabokommunen. Bergen var også heime, men Oslo har ikkje blitt det heilt enda. Eg brukar lang tid på sånt.

FF: Har det fått noe å si for skrivinga di at du flyttet?
AK: Ja. Eg trur alle flyttelassa mine har påverka skrivinga; stadane i seg sjølv, og det å bryte opp. Både til Bø og Bergen reiste eg for å gå på skriveskule, så der heng skriving og flytting tett saman.

FF: Hadde du blitt forfatter også om du hadde blitt?
AK: Eg hadde heilt sikkert skrive uansett kor eg var. Men dersom eg f.eks. hadde blitt på Vinstra, er det ikkje sikkert eg hadde sendt tekstene mine ifrå meg. Jo, eg trur det. Men det er heilt usannsynleg at eg hadde blitt! Eg er ein flyttar.

FF: Har du/ kommer du til å skrive om hjemstedet?
AK: Ja, eg må vel seie at eg har skrive om heimstaden, altså Vinstra, i den nye boka. Heimekjensla mi på Vinstra handlar mykje om landskap, vegetasjon ... altså naturen. I Vårar seinare kjem Vinstra-landskapet tydeleg fram. Og ein del av kulturen også, det var vel delvis poenget.

FF: Er det mulig at/ planlegger du/ en retur i løpet av livet?
AK: Ein retur, altså å busette seg 1) i Bergen: det kan hende, 2) på Vinstra: det trur eg er ein utopi, men døra står på gløtt.

(Foto av Anna Kleiva: Yngvild Gotaas Torvik)

Relaterte artikler