Mellom blada på trea

i morgon skal eg vakne opp
med det der ljoset
mellom blada på trea
som blokkerar motorvegen
det skal treffe veggen
så eg først berre ser
skuggen spele
og eg skal tenke
at til og med avtrykket av noko slikt
er grunn nok til å puste djupt inn
gå ut døra
smile på busstoppen
og så vaknar eg

Relaterte artikler