Medlem nr. 150!



Mens hovedkontoret blir forsøkt stormet av illsinte turbojugend, fortsetter nye Flamme-venner uanfektet å melde seg inn i Singelklubben. Medlem nr. 150 lot seg innskrive i manntallet i forrige uke, og har adresse på Lambertseter i Oslo. Utover de biografiske opplysninger som framgår av det nedenstående, kan vi røpe at Anne-Stine Husevåg lar sitt abonnement løpe fra og med F°15.

FF: Hvordan lyder refrenget i singelhiten om Anne-Stines liv?
A-S: Du kan sjølvsagt prøve å synge livet mitt, men songen har nok mykje til felles med slike ein syng under bryllaupsmiddagar. Du tek fram det rosa arket. Prøvar å følgje melodien, men tekstforfattaren har vore litt for ivrig og putta altfor mange ord i første linje. I andre linje er det til gjengjeld litt for få ord, og rytma er fullstendig øydelagt. Men den inneheld mykje kjærleik, slik songar på rosa papir skal gjere. Og nokre morosame historier. Så blir det heile avslutta med nokre tåpelege klisjear om havet, men det er greit, eg likar havet.

FF: Hvilken singel var den første du kjøpte?
A-S: Den einaste cd-singelen eg har kjøpt var Baz Luhrmann – «Everybody's Free (To Wear Sunscreen)». Kanskje ikkje noko stor overrasking at det ikkje gjer meg så mykje at denne singelklubben inneheld meir ord enn musikk.

FF: Hvilke forventninger har du til medlemskapet?
A-S: Eg går i grunn ut i frå at eit medlemskap i Singelklubben vil gjere meg flinkare i bordhockey, finare på håret og meir glad i grønnsaker. Men kanskje vil det også gjere meg i stand til å fylle bokhylla med litteratur som er verdt meir enn Deichman sitt purregebyr.

FF: Hvilken norsk forfatter skulle du gjerne sett utgitt i singelformatet?
A-S: Det er fristande å svare Rune F. Hjemås, men han trivast kanskje best som mixteip. Derfor vil eg heller trekke fram jenta som går tur med mp3-spelaren inntil hjertet og får folk til å tru på kjærleiken på grunn av bloggen ho skriv: Linn C. Strømsborg, jenta bak Strekhjerte.

Relaterte artikler