– Lukke kjem i mange former og variantar

NØH: Korleis har det vore å jobbe med Naudsynt Happy Ending?
SH: Prosessen har vore særs kjekk. Skrivinga handla mykje om å lokke fram det absurde og grublande i meg sjølv, medan andre augeblikk i større grad innebar å vere ærleg og meir personleg. Då dette er mi fyrste bok, har det vore mykje prøving og feiling, samt mange verdifulle råd frå deg som har fått meg inn på eit godt spor. Arbeidet med NHE har i tillegg gjort meg trygg på at kortprosa er ein av sjangrane eg kjenner meg heime i, samt at eg er minst like oppteken av korleis eg skriv som kva eg skriv.

NØH: Er du ein sucker for happy endings?
SH: Nei, på ingen måte. Eg er open for både lukkelege og mindre lukkelege sluttar, så lenge det opplevast truverdig. Det hender sjølvsagt at ein happy ending er på sin plass, men det er avhengig av historia som utspelar seg i forkant. Anna sin lukkelege slutt kjendest som eit naturleg resultat av reisa ho tok og lærdommane ho fekk med seg på vegen. Noko av bodskapet i NHE er at det er mogleg å søkje seg mot gode dagar, sjølv om ein har lagt mange dårlege bak seg.

NØH: … men trur du livet har ein happy ending?
SH: Eg tenkjer ein gjer lurt i å oppsøkje menneske og opplevingar som til slutt gjer ein tilfreds med historia ein har skapt for seg sjølv. Me tek alle ulike vegar for å kome oss dit me er meint å ende opp, og eg trur ein gjer dumt i å tru at naboen sin lukkelege slutt er noko ein sjølv bør ta sikte på å oppnå. Så lenge ein avdekkjer og dyrkjer det som gjer straum til kvardagen, trur eg ein har god sjanse for å oppnå ein happy slutt på eit happy liv.

NØH: Det er mykje snakk om familien i litteraturen om dagen, du ryddar familien til hovudpersonen din, Anna, av vegen like før boka tar til. For å spare deg bryet? Eller kva vil du seie om Anna med å gjere det mot henne?
SH: Det verkar gjerne brutalt å rydde av vegen Anna sin familie med éin einsam setning idet boka byrjar, men dette gjorde eg for å vise at Anna si historie og identitet ikkje berre er knytt til tapet ho har bak seg, men i evna og trongen til å trø over dørstokken og ta fatt på noko nytt. Anna har vore frosen fast i eiga sorg, noko sorg gjer, men sjølve handlinga tek til då Anna børstar av seg støvet og søkjer seg mot nye opplevingar. Eg tek nok sikte på å vise at det er fullt mogleg å reise seg etter å ha vorte skubba overende, samt at det aldri er for seint å skrive nye kapittel i eige liv, uavhengig av kva alder og føresetnadar ein har med seg. Anna har stunder der saknet set ho ut av spel, men ho resignerer ikkje, ho reiser vidare og kjem til slutt heim åt livet ho reiste ut for å bli klok på.

NØH: Anna finn ein kjærleik etter kvart, men det er ikkje gitt at det var det og bare det ho leita etter på reisene sine. Fins det andre happy endings enn kjærleik?
SH: Ja, det velgjer eg å tru. Mange tenkjer nok at kjærleiken ein har til éin enkelt person er oppskrifta på den ultimate happy ending, då dette er normen i fleirfaldige filmar og bøker. I fare for å bli aldeles djup, tenkjer eg at lukke handlar om å akseptere, avdekkje og vise samtlege sider av seg sjølv, for så å omgje seg med menneske som tykkjer at desse sidene har noko for seg. Anna si lukke er ikkje berre knytt opp mot kjærleiken ho finn i møte med Halvor, men i menneska ho møtte på reisa si, samt dei som gjev ho ein familie å vende heim til (pluss realiseringa av draumen om å skaffe seg containarhus, sjølvsagt). Lukke kjem i mange former og variantar, og eg tenkjer ein gjer lurt i å gjere reie for alt av smått og stort som gjer ein sjølv tilfreds, framfor å jakte på det ein trur eller blir fortalt at lukka inneber. Å gje og få kjærleik er sjølvsagt ein grunnleggjande byggjestein for å kjenne lukke, men det same kan seiast om ting som får ein til å le, lytte til musikken ein elskar eller innsjå at ein ynskjer å bli profesjonell ukulelespelar sjølv om ein har passert åtti.

NØH: Det er noko som heiter at ein må lese for å skrive, eg lurer på kven du har lest når du har skrive på NHE?
SH: Gunnhild Øyehaug, Lydia Davis, Erlend Loe og Ragnar Hovland er forfattarar eg alltid kjem attende til, og som til einkvar tid evnar å fascinere og inspirere meg.

NØH: Boka liknar kan hende ikkje så veldig på alt for mykje av samtidslitteraturen for øvrig, kjenner du deg heime, som skrivande, i det samtidige uttrykket i Noreg?
SH: Eg har ikkje tenkt mykje over kva uttrykk eg kjenner meg heime i, då eg fyrst og fremst jobbar med å avdekkje mi eiga forteljarstemme og stil. Samstundes let eg meg både inspirere og motivere av dei mange sterke og nytenkjande forteljarstemmene me har innan samtidslitteratur i landet vårt.

NØH: NHE er tidvis svært morosam, er det noko du tenkjer på når du skriv, at du er/vil vere morosam?
SH: Eg leitar ofte etter korleis eg kan gje bodskapet og handlinga ei absurd og humoristisk innpakning. Eg likar å konstruere setningar og tankjerekkjer som fører til latter og grubling hjå lesaren. Det er rett fint.

NØH: … Og kva er eigentleg riboflavin?
SH: I boka er riboflavin ei avleiingsmanøver, eit verkty for å smyge seg unna ein tematikk og samtale ein ikkje er så lysten på… Riboflavin er samstundes eit staseleg ord for vitamin B2 som eg snubla over på baksida av ei mjølkepakke. Eg er særs glad i mjølk. Eit augeblikk med fokus på kva finurlege greier som gøymer seg i mjølk var derfor heilt på sin plass.

Om du vil høyre Sigrid lese frå «Naudsynt happy ending» så kan du det på Litteraturhuset sine debutantdager som i år er lagt til 6-7 desember.

Relaterte artikler