Liveblogging fra Flammefestivalen

Live fra Blå

Ragnar Hovland vil fra ca. kl. 15.00 i dag liveblogge fra Flammefestivalen. Han vil også ta imot, og forsøksvis besvare, spørsmål sendt via sms av publikum i salen. Det forklarer den jevne strømmen av fyndige oppdateringer som om kort tid vil åpenbare seg her på Flammeweben. Spørsmål, klager, bebreidelser? Get your fat ass down to Blå – det er her det skjer!

Blå, kl. 15.05
Frode Grytten ser litt sliten ut. Får håpe han klarer å gjennomføre. Følg med.

Blå 15.27
Hugs å klappe når han er ferdig!

Blå, kl.
Men kor blir det av festivalsangen?

Fun fact om Kjartan Fløgstad: Han kan synge alle tyske slagerar frå 1950-talet. Han hadde gløymt det, men innrømte nettopp at det er sant.

Blå, kl. 15.40
I den tid eg hadde bart blei eg stadig forveksla med Kjartan Fløgstad. Det var alt i alt litt fint. Ei fin tid.

Blå, kl. 16.05
Og apropos Dagsnytt 18:

Mitt beste Dagsnytt 18-minne, frå 2012:

Ragnar Hovland (lett berusa) blir intervjua på telefon.

Dagsnytt 18-programleiar Radøy: Og du, Henrik Hovland, du har fått en pris?

Ragnar Hovland: Stemmer forbløffande, Herbjørn.

Blå, kl. 16.
Er det litt lite folk på denne festivalen? Folk må generelt sett skjerpe seg. Eller sit dei ute i telta sine og speler gitar? Og no lurer eg på om eg gløymde å slå av kaffitraktaren før eg drog hit!

Blå, kl. 16.
Ein annan variant av Fløgstads Bjerkreim-anekdote. Denne har eg frå far min, presten: Kinoforestilling, filmen ryk, det blir pause i mørket. Så er det ein kar som reiser seg:

Kar: E der någen frå Bjerkreim herane?
(Lang pause)
Ei tynn stemme i salen: Ja, eg e frå Bjerkreim.
Kar: He me det ikkje gildt?

Blå, kl. 16.42
Ei lita, men nødvendig undersøking: Kor mange her, utanom meg, har akkompagnert Jan Eggum? Handsopprekking er nok.

Blå, kl. 16.54
Frå intervju med Jon Fosse:

«Pop og rock og annan slik støy orkar eg ikkje. Eg har aldri forstått gode venner og kollegaer som Ragnar Hovland og Frode Grytten som aldri blir ferdige med tenåringsmusikken sin.»

Blå, kl. 17.07
Siste nytt frå NRK:

120 julebordsgjester tekne av gigantbølgje

Blå, kl.17.27
Heidi Furre er frå Stord. Øya er kjend for at songaren Elisabeth Grannemann budde der i ein del år. Ein gong tok eg Flaggruta frå Bergen til Stord saman med Elisabeth Grannemann. Då ho gjekk i land la eg merke til at ho hadde sitte i stykker to sete.

Blå, kl. 17
Vi lengtar vel alle tilbake til den tida då alle røykte på scenen og sa «De» til kvarandre. «Og De, Ola Innset, De har altså skrevet en bok om Lisboa?»

Blå, kl. 1745
Stord går også gjerne under namnet «Djevleøya». Iallfall i følgje Einar Økland.

Blå, kl. 17.56
Eit relevant spørsmål: Kjem Jean-Paul Belmondo til å overleve oss alle?

Ønskedikt:

      DØRSKILT      

     bank hardt på

  kanskje jeg er hjemme

            likevel

Blå, kl. 1846
Kjartan Fløgstad har gått, men heldigvis la han att den siste drikkebongen sin!

Blå, kl. 18.52
Viktig melding til folk som samlar på ølflasker som kjende forfattarar har drukke av: Den tomme ølflaska til Kjartan Fløgstad står framleis på bordet her, og du kan få den til odel og eige for ein gunstig pris.

Blå, kl. 19.10
Fint om folk kan komme inn igjen. Det er vel grenser for kor lang tid ein treng for å ete ei pølse?

Blå, kl. 19.25
Muligens verdens finaste festivalsong.

Blå, kl. 19.42
Melding frå Frode Grytten:

«Eg har lagt på sjukehus saman med Elisabeth Grannemann. Vi var begge til avrusing på Florida i Bergen. Vi røykte saman på opphaldsrommet og såg Jahn Teigen synge i Grand Prix iført skjelettdrakt. -Dette liker ungdommen, sa Grannemann. Bestehels Frode Grytten.»

Takk, Frode Grytten!

Blå, kl. 20.26
Avstemming:

Kva er den beste julefilmen?

a) It´s A Wonderful Life
b) A Nightmare Before Christmas
c) Love Actually

Fasit følgjer

Blå, kl. 20.31
Avstemminga er no slutt og svaret er sjølvsagt:

It´s A Wonderful Life

Blå,kl. 20.48
Eg orkar ikkje meir! Har aldri forstått gode venner og kollegaer som Frode Grytten og Jon Fosse som kan sitje og skrive på mac´en sin heile natta igjennom.

Takk for meg!

Relaterte artikler