Litterært soundtrack: Olav R. Øyehaug

I spalta «Litterært soundtrack» spør vi skjønnlitterære forfattarar kva for låtar som snurrar i bakgrunnen medan dei skriv. Turen er komen til Olav R. Øyehaug, aktuell med prosasamlinga Essensen (Kolon forlag).

– Av ein eller annan grunn somnar eg som ein stein viss der er trall eller alkohol i rommet der eg arbeidar, så dei følgande songane vert lytta til på fritida.

Tcha Limberger: Me Sunowa (YouTube)
– Ein dag skal mykje meir vitast enn det som vitast no om denne Tcha Limberger og den sjeldne songen «Ma Sunowa». Det er vanskeleg å finne nokon innspelingar med han, anna enn som gitarist i gruppa til faren, som visstnok var ein legendarisk jazzmusikar ein stad. Dersom nokon veit meir enn meg om Tcha Limberger, eller dersom nokon eventuellt er Gabriel Fliflet, kan eg kontaktast på dei6chman (at) gmail (dot) com.

Ennio Morricone: Five Man Army Main Title (YouTube)
– Kan ein verkeleg orkestrere ein så god melodi med blokkfløyte, barneorkester, gneldre-synth og ein gamal mann som gryntar «è!»? Er ikkje dét det same som å kaste vekk den gode melodien? Nei, faktisk er dette noko av det luraste ein kan gjere. Det er difor det er så trist å leve i dag, fordi ingen geni veit å lage skikkelege makkverk lenger. Veit du ikkje at det er i makkverket det kravlar og lever, såkalla geni? Er du pudding!?

Edan: Promised Land
(YouTube – frå: Beauty and the Beat, 2005)
– Under arbeidet med Essensen måtte eg ofte ta ein pause for å høyre den tenkande manns Beastie Boy skryte. Her får vi mellom anna høyre at rapparen Edan gjennomførte eit show på ikkje mindre enn ei eldkule, at han ein gong sprang gjennom den kinesiske mur kun iført ein dress laga av rein elektrisitet (!), og at han fekk ein ung mann til å slutte å drikke. Og den stadige tilbakespolinga i teksten er interessant og vittig, særleg når han reviderar teksten litt i andre forsøk. Rap er framleis (for meg) ein sjeldan arena for kalde absurditetar, det er stort sett denne Edan og Kool Keith som gidd/gadd.

Gustav Mahler: Adagio (frå Symfoni nr. 10, 1910)
– Eg gnir meg i hendene, for eg byrja seint å høyre på klassisk musikk. No har eg resten av mitt 109 år lange liv å oppdage ei ny verd, i staden for å vere ferdig og lei i dette mitt trettiåttande år. Og viss eg vil, kan eg lese meg opp på uviktige detaljar om komponistane. Stemmer det at Mahler komponerte dette etter at ein hadde fortald han at no skulle han snart døy? Er det sjølvmedliding ein høyrer? Ein ting er sikkert: Der er eit glitrande vedunderleg og vitalt grep svært tidleg, og gjennom heile første gjennomhøyring håpte eg i det lengste at den biten skulle kome att, kanskje til og med endå sterkare, slik det ofte er. Men det skjedde ikkje. Liknande bitar dukka opp no og då, men aldri så klart som første gongen.

Buke and Gass: Your Face Left Before You (YouTube)
– Dette bandet var kjærastar før, og utruleg nok overlevde det brotet. Den fyldige lyden får duoen til ved hjelp av ein buke (kombinert bass og ukulele) og ein gass (kombinert gitar og bass), og diverse pedalar.

Relaterte artikler