Kjensla av at store berg kan bli ein trussel

 Mannen

Hva er det som skjer med Mannen i Rauma om dagen? Har kan kanskje lest Kjersti Wøien Hålands Dommedøgn? Skal ikke bare livet men også geologien begynne å etterligne kunsten? Gjentatte ganger i løpet av de siste ukene har det blitt varslet ras i Raumadalen og ennå venter vi på det (kanskje) katastrofale. Akkurat som de fiktive innbyggerne i fiktive Berg går rundt og (kanskje) venter, kanskje vet hva som snart skal komme, hva som er på vei. 

FF: Følger du også med på Mannen i Rauma, Kjersti?
KWH: Eg har fulgt litt med. Dei oppdaterer ganske jevnlig og eg får ikkje med meg alt. Har forstått det at dei observerer både lille og store Mannen ganske nøye og har evakuert folk. No er det mykje dramatisk vær generelt på vestlandet i tillegg, med flaumane og alt.

FF: Minnar det om din heimlege situasjon?
KWH: Det har vel nokre fellestrekk i det at det er ein steinformasjon som kan briste, men det er nok veldig annerledes alle steder. Eg er jo ikkje geolog, så eg kan ikkje gå inn i detalj på korleis steinformasjoner som dette skiljer seg frå kverandre. Med tanke på sikkerhet er det nok store forskjeller om det er over land eller vann, og kor mykje bebyggelse det er som kan bli berørt. Frå mitt perspektiv så er nok det som kan minne mest med Høyanger, og andre liknande stader som har slike fjell, kjensla av at store berg på samme tid kan virke som det mest stabile og evige elementet i naturen, og plutselig snu og bli ein trussel.

FF: Og kan du kanskje leve deg inn i korleis dei som bur der har det no?
KWH: Eg trur det er vanskelig fordi det er ein så ekstrem situasjon når det faktisk er tett på å skje. Det er ein del steder i Norge kor det er fare for dette, men eg trur uansett at det er veldig annerledes når det først skjer og folk må forholde seg til det i nå-et.

FF: Det er spådd ein kjempesteins fall etterfulgt av ei bølge som kan truge Åndalsnes, er det litt ubehageleg at dette ligg såpass tett opp til Dommedøgn?
KWH: Det er ubehagelig. Samtidig vil eg seie at boka ikkje akkurat holder seg innafor sosialrealistiske rammer. Det er nokre element av magisk realisme, om det er riktig begrep, som gjer at handlingsforløpet som innvolverar naturen ikkje kan, eller ønsker, å vere ei 100% realistisk framstilling av korleis sånn ulukker foregår. Sjølv om det er ein reell trussel i fiksjonsuniverset, er det også eit bilete på at det forutsigelige plutselig blir uforutsigbart, og det trur eg er ei generell mennesklig oppleving som vi alle har på eit eller anna tidspunkt i livet, om vi lever tett på eit fjell eller ikkje.

FF: … tror du romanen kan være til hjelp der oppe/ borte akkurat nå?
KWH: Eg veit ikkje heilt om den kan vere til hjelp, men det kan jo vere noko kjenner seg igjen i tematikken i boka eller omvendt: at dei opplever den som fjernt frå det dei har opplevd. Sånt er vanskelig å forutse.

FF: Geologer seier visstnok at «alt skal ned» og at det bare er eit spørsmål om tid før alle fjell raser – sånn sett burde kanskje Dommedøgn være evig aktuell i eit så bratt land som Norge?
KWH: Det vil eg tru ja. Vi lever jo tett på fjell så sånn sett virkar det logisk at det vil vere aktuelt framover og det er jo fleire som har skrive om liknande hendelser, og sikkert nokon som kjem til å skrive om det i framtida også.

Relaterte artikler