Ismannen Andrés

Om kun kort tid spiller mesterskapsfavoritt Spania kvartfinale mot Frankrike. Verdens beste landslag? Ja. Jo. Historias beste landslag? Kanskje. Og midt på bana, midt på laget: Andrés Iniesta. Den kanskje beste av de beste. Han som i tillegg til å spille så veldig fint også virker så fin. Så til forandring rolig og ordentlig, i den galskapens arena som er moderne fotball. Så dukker han plutselig opp på et iskremskilt! Er det han? Hvem er det? Vi må se to ganger. Og vi må ha øyeblikkelig trøst. Vi må høre med noen som vet råd når det gjelder fotball og trøst. Vi må høre med Frode. Hva er det med Andrés, Frode? Hva er det han holder på med?

Frode Grytten: Dette bildet har eg forsøkt å fortrenge. Eg hadde i grunnen fortrengt  det også. Men der var det igjen, gitt. Eg var i Spania tidligare i år, og då fikk eg bildet midt i fleisen. Eg skulle ønske at eg ikkje hadde sett det. Andrés Iniesta som sleip iskremmann. Andrés Iniesta som posterboy med merkelig lokkemann-flir. Eg liker Iniesta. Det er få fotballspelarar på toppnivå som framstår som verkelig sympatiske. Iniesta er ein av dei. Ein lagspelar. Ein mild mann. Ein det aldri er noko tull med. Bare fantastisk spel, utrulig overblikk, unik teknikk, alltid suveren, alltid viktig, ein geniunt moderne fotballspelar. Det gleda meg at Andrés Iniesta blei matchvinnar i VM-finalen. Den gode mann vann. Men, så dette! For eit sjokk! For eit nedsig! For eit slag i solar plexus! Vel, ein får bare bite i det grøne graset. Fotball er eit virus, eit globalt virus som spreier seg uhemma. Fotballen er til sals, fotballspelarane er på tilbod denne veka, neste veke og heile neste år. Alt handlar om pengar, nesten alt handlar om pengar. Kom og kjøp. Løp og kjøp. Plinge-linge-linge-ling. Det er ikkje noko nytt, det er ikkje ei djup innsikt, på mange vis drit eg i det også, eg skulle bare ønske at eg hadde sluppe å sjå Andrés Iniesta i ein så teit versjon.

Relaterte artikler