Hvor skal du i sommer? (4)

Bergsjøstølen

Blir det ferie i år? Hvor drar du? Hva har du for planer? Utlandet, kanskje? Eller Norge? Vi har bedt et knippe forfatter (og mennesker) fra rundt om, å lage minireiseguider fra sine steder, store og små, i tilfelle en av oss, eller alle, drar forbi i løpet av sommeren. I dag: Bergljot Nordal om Ål.

VAKNE UNDER SKRÅTAKET OG IKKJE KUNNE VENTE

Du kjem nok med toget. Reiser frå ein tørr og støvete hovudstad eller ein fuktig og klam vestlandstad, og toget er mest sannsynleg fullt av glade turistar med lange linser. Difor er det greitt at du skal gå av halvvegs mellom aust og vest. Neste stasjon: Ål. Next station is Aal, please leave on your left hand side. Og i det du set føtene på hallingjorda og dreg inn pusten innser du kvifor du reiste og kvifor du kom. Lufta er ikkje til å puste i, den er til å drikke. Den er så klar at du ikkje berre ser konturane av valen oppe på Sangefjell, du ser strukturen i steinen. Du ser reinslavet og den irrgrøne mosen, sjølv før du snur deg for å sjå den kjenner du lukta frå den. Den grøne mosen på Sangefjell. Det tar deg ti minutt å gå over brua og opp Stasjonsvegen og opp på Torget. Då er det fort å ta feil og tru at du skal legge deg inn på Thon hotell, men Thon hotell finn du andre stader óg. Du skal berre krysse Torget og gå den siste vesle bakken opp til Aal pensjonat. Fordi det er dette som er Ål; Oddrun sine lappar og kaffi, stille lesekveld i den raude veloursofaen, øl i sola og lene ryggen mot den 100 år gamle grunnmuren. Vakne under skråtaket og ikkje kunne vente med å kome deg opp og ut.

Du kan ta bussen frå Torget, den det står Bergsjø på. Då ender du opp på fjellet, og der oppe er lufta så klar at du ser like til verdas ende, til kulpen der kompisen til Askeladden henta vatnet. Og Kåre på Bergsjøstølen har både rom og vaflar og blinkande fjellvatn. Utpå dagen renn ikkje berre varmen ned frå sola, den stig opp att frå under føtene dine, frå steinen på stigen, lyngen og vieren og frå dei lett raudnande moltekarta. Du tar ikkje med deg Imsdal. Du legg deg på alle fire og ansiktet ned i bekken, og det er muleg at du fyrst då innser kvar du er. Det smakar fjellet, det du kjem frå, det du eigentleg er; massiv tyngde, altomfattande og levande.
 
Eg kunne ha skrive om den nye grønne campingplassen, den beste i Norden, seie dei. Heilt nede ved elva, med fisken svømmande utanfor stoveglaset i campinghytta. Eg kunne ha skrive om Leveld Kunstnartun og Jens Bjørneboe si hytte. Eg kunne ha nemnt stipendet du kan søke på, gratis opphald i den finaste fjellbygda med eige kunstnartun. Eg kunne ha nemnt Hellbillies og Stein-Torleif Bjella, Håp og Beijing. Eg kunne ha skrive ei lengre utgreiing om kvifor eg flytta hit og framleis bur her.
 
Istadenfor skriv eg:
Onsdag 11. juni klokka 22:25:
kom heim frå Oslo etter møte.
Heggen bedøver meg,
syrinen sprekk i morgon.
Drikk
raudvin og
ålluft.

Bergljot Nordal

Relaterte artikler