Hvor skal du i sommer? (3)

Lykke er et hav

Blir det ferie i år? Hvor drar du? Hva har du for planer? Utlandet, kanskje? Eller Norge? Vi har bedt et knippe forfatter (og mennesker) fra rundt om, å lage minireiseguider fra sine steder, store og små, i tilfelle en av oss, eller alle, drar forbi i løpet av sommeren. I dag: Stina Steingildra om Stord.

EG HAR EIN VEN MED EIN BÅT

Som ein fiskebolle, lengtar eg alltid heim til havet. Når du kjem inn for landing på Karmøy, ser du først bare ei stor, flat og brun skorpe i sjøen. Ei slik som du dagen etter eit fall fekk på kneet då du framleis brukte kroppen til noko. Hugsar du? Springe og klatre og rulle og slike ting. Eg hugsar både dét og korleis det var, mange år seinare, å kjenne den endelause vinden treffe ansiktet når eg endeleg sto i døropninga på flyet og såg utover landingsstripa og eit grått hav. Trappa var slengt ut av flykjeften som tunga på ei heit bikkje. Luft! Luft! Først pusta eg òg som ein flatnasa mops i motvind, så var det som om alt i kroppen opna seg og eg blei roleg. Eg kunne aldri budd i innlandet. Eg har vore på Hamar, men der er ikkje leveleg. Vi har Mjøsa, seier dei, men det er bare ein pytt. Verda tar jo aldri slutt, begynner ingen stad. Gjedde er knapt for fisk å rekne. Her eg bur no, ser eg havet frå stoveglaset.

Det er vanskeleg å ikkje sjå havet når du bur på Stord. Det lar seg gjere, men kvifor skulle ein no gå inn for dét? Skulle du tenkje på å ta turen hit i sommar, gi meg ein lyd. Eg har ein ven med ein båt. Han seier aldri kvar han trekk opp brosme, lange, torsk og sei, men eg sikker på han vil ta oss med ut ein tur. Eller kva om vi oljar syklane og tråkkar ut til Jektevik? Ferja til Huglo går ofte nok. Det er ikkje så mykje der ute, nokre hus, ei kyrkje, og så bur det litt folk der. Vi kan legge frå oss syklane i graset og gå opp til Sjønhamar og sjå utover heile Sunnhordland. Eg lurar på om ein ikkje kan sjå Folgefonna derifrå? Kanskje venen min, han med båten, kan hente oss og syklane, så får vi turen inn til Leirvik etterpå. Trollkrabben har fiskeutsal på kaien der vi kjem inn. Randi Elin lagar utruleg gode fiskekaker, og når dei er varme, smeltar dei i munnen og legg igjen små bitar av purreløk ein kan tygge lenge på. Slik ein treng etter sykling og båttur. Vi kjøper med oss altfor mykje reker, og ei sitron. Er vêret godt, og det er det jo alltid i ein reiseguide, tuslar vi ut til Sponavikjo og legg oss på eit teppe. Søv i sola medan ungar ler og gret nede i strandkanten og osen frå ein eingongsgrill legg seg i håret. 22 kroner, held det framleis til ein is frå kiosken? Vi treng i alle fall noko friskt og leskande. Tappekrana på Osvald er bare ein spasertur unna. Kan hende Olsen & Jensens viseklubb har tatt sommarferie, men det er som regel ikkje langt mellom kvar gong ein trubadur drar nokre låtar der. Kanskje ikkje fiskebollen lengter hjem til havet, men noko Loudon, The Swimming song, kan vi vel sikkert få. Og ein øl.

Stina Steingildra

Relaterte artikler