Hvor brenner det Frode Grytten?

Giga-julenissen utenfor Europris har gått på tryne i sølepytten ved parkeringa. Ei enslig julekule blei etterlatt dinglende fra lampa i et kontorlandsskap. Frode Grytten og Helge Skodvin har laga julebok. "Deilig er jorden" viser jula slik den er i på ordentlig. I all sin turbostressa kjærlighet og vindskeive glans.

Hvem var din første fiktive flamme? Altså en person fra en bok eller film som du blei litt forelska i eller ville være som?

eg trur ikkje eg har hatt fiktive flammar

men eg var avstandsforelska i debbie harry i blondie

det var vel ein fiktiv flamme god nok det

new york, pønk, pop, frontfigur, syttitalet

kva meir kunne ein ønske seg?


Hva gjør deg sinna?

fascisme, flyplassar, frp


Hva synes du om skriverådet: Skriv der det brenner?

ja, det er vel eitt av mange gode råd

ein må vere interessert i det ein skriv

og det må finnast ein temperatur i det

så: brenn huset ned!


Hva skriver du om da?

då skriv eg om sportsklubben brann

og brannmenn og pyromanar og nymfomane

og haustlauv og alle tinga ho ga meg

og the clash og å spasere rett inn i flammane

utan å tenke på konsekvensane


Kan du fortelle om en heftig leseropplevelse du har hatt det siste året? Den behøver ikke å være bra.

eg las diktsamlinga "Vårs" av Amalie Kasin Lerstang

den var dritbra

no les eg Per Pettersons "Menn i min situasjon"

som eg liker så godt, altså


Har du noen gang vært skikkelig fan av noe? Av hva?

ja, eg har vore fan av mykje

først var det elton john

eg kjøpte "goodbye yellow brick road" då plata kom ut

og så har eg vore bowie-fan og roxy-fan og clash-fan

men å vere fan er stusselig også

i alle fall etter fylte 22

ein kan ikkje levere inn heile seg

til andre folk som er langt, langt vekke

før eller seinare kjem dei til å skuffe deg


Kan du fortelle om den gangen du brant deg? Hva skjedde da?

det vil du ikkje vite

eller det vil du

men det får du ikkje vite


Har du blitt starstruck? Av hvem?

ja, ein gong, bare ein gong

det var Leonard Cohen

han stod med ryggen til

då eg kom inn på eit rom på Grand i Oslo

plukka seg nokre druer frå eit fruktfat

det var i 1992, eg skulle intervjue han

for bergens tidende

sjølv med ryggen til

eigde han det der rommet

ja, han eigde heile oslo og heile planeten


Hva liker du best? Peis eller leirbål?

joe strummer var ein stor fan av leirbål

eg synest han hadde gode tankar om det

det er ein fellesskap å sitje rundt leirbålet

ein varme å samle seg rundt

drikke, snakke, le, skrøne, vere saman

peisen er meir individualisme og liberalisme

å varme seg sjølv utan å tenke på dei andre

men med rett selskap: fyr opp peisen også!


Hvilken låt synes du er finest: Light my fire av The Doors eller Eternal Flame av The Bangles?

den var lett då, the doors er det dummaste bandet

i heile rockens historie, og Jim Morrison kanskje den

teitaste frontfiguren i eit rockeband nokon gong

eg kan godt argumentere for det, men det gidd eg ikkje

eg trur dei aller fleste er einige med meg, the doors er drit

eternal flame med bangles er ein suveren, liten song


Hva gjør deg tullete glad?

når sportsklubben brann kjem tilbake frå 0-2

i seriefinalen mot rosenborg og vinn 5-2 etter ein

av dei beste andreomgangane som er spelt i norsk fotball

då blei eg tullete glad, det var utrulig gøy

for ein kveld, for eit lag, for ein by


Mer om Deilig er jorden.

Relaterte artikler