FØLER MEG SOM EIT MONSTER!

For eit par små veker sidan ga Kjersti Wøien Håland ut si tredje diktsamling: «Kom og hent meg». I skrivande stund gjer vi oss klare til å markere denne fortreffelege samlinga med eit slipp på Ugla bokbar i Oslo sentrum. Fine folk, høye glass og så bortetter. Men før det, mens vi ventar så og seie, tar vi ein liten prat med forfattaren. Om samlinga. Som, om vi skal ta tittelen på ordet, handlar både om å vente og vere rimeleg klar for ikkje å vente mykje lenger.

NØH: Kva slags forhold har du sjølv til venting på ein skala frå hatar til elskar?
KWH: Føler at eg alltid venter på eit eller anna eg. Veit ikkje heilt kva alltid. Venting er sårbart, og eg både likar og mislikar sårbarheit, men eg syns det er heilt essensielt i livet. Å vere sårbar altså.

NØH: Er du eit tålmodig menneskje også utanfor dikta?
KWH: Spurte nokre vennar på snapchat. Dei sa ja. Ei sa ja med kaninøre-filter.

NØH: Topp tre ventestadar?
KWH: Ved fotgjengarfelt, når du venter på at nokon skal komme over og har sånn klein augekontakt medan dei går mot ein. Musikkpaviljongen og/eller biblioteket i Høyanger. Og på kinoar.

NØH: Tre verste?
KWH: Kjøpesenter. Rutebilstasjoner. På bar.

NØH: Kva har du venta lengst på til no i livet?
KWH: Å kjenne at eg er på plass.

NØH: … og kva er du villig til å vente enno litt lenger på?
KWH: Evna til å gå i kvit skjorte utan å søle på den.

NØH: Mange opplev dikta dine som morosame, i tillegg til triste/gjenkjennelege osb, er det noko du tenkjer på når du skriv, at du er/vil vere morosam? Det fins jo dei som vil at litteraturen skal være bare alvorleg, heile tida.
KWH: Så gøy om nokon syns dikta er morosame! Eg trur ikkje morosamt og trist er ei motsetning eigentleg. Vi ler jo nesten utelukkande av ting som også er trist. Til og med slapstick handlar jo om at folk får ein stige i hovudet, eller fell ned i eit komlokk, og det er jo ikkje noko å trakte etter. Eg vil gjerne vere morosam, men eg sit vel sjeldan og tenkjer tanken på noko medveten måte som i «no skal eg skrive eit morosamt dikt»/«no skal eg skrive eit trist dikt». Trur berre dei to tinga er litt blanda allereie i hodet mitt.

NØH: Å vente er ein veldig rik metafor/allegori, som på sett og vis fangar inn heile eksistensen, kva slags tone og kvalitet har du gitt ventinga i «Kom og hent meg»?
KWH: Eg fekk idéen frå å gå forbi barnehagebarn og tenkte på korleis det var å gå i barnehage og rope til fly at ein vil sitte på. Tenkte på når dei ventar på å bli henta mot slutten av dagen. Tenkte litt sånn «lite veit dere at dere skal vente heile livet». Så noko sårbart og uskyldig. Kanskje vi alle er barn når vi ventar.

NØH: Du er ein svært allsidig forfatter, som skriv like lett, virkar det som, i fleire sjangre, er det slik at «maskina» alltid er på hos deg? Er du liksom ein litterær bærplukkar til dagleg?
KWH: Maskina er alltid på, men ofte i skjermsparermodus (kor skjermspareren er den dingsen som sprett rundt og nesten treffer hjørnet, men aldri heilt). Plukkar bær om eg finn dei, mmm antioksidanter. Eg veit ikkje heilt kva eg skal svare på dette merkar eg, anna enn at eg elskar å skrive, og ulike sjangrar gir ulike moglegheiter. Eg kjenner at for meg kan det å ha ulike prosjekt gåande på ein gong hjelpe på ikkje å låse seg. Av og til skulle eg ønske at eg var ein sånn forfattar som kunne sitte på ei hytte åleine og fokusere på eit prosjekt av gangen, men eg trur kanskje eg berre hadde blitt forvirra av det.

NØH: Kva er din og to-formulering når du er seint ute? (Er der straks, Er der om fem osb)
KWH: EG ER SEIN! SORRY! FØLER MEG SOM EIT MONSTER! (noko sånt)

Relaterte artikler