– Filmen blir betre enn alle bøker

[caption id="attachment_19869" align="alignleft" width="180"]Øyehaug, Gunnhild Foto: Kolon forlag[/caption]

Om ikkje lenge tar filminnspillinga av Gunnhild Øyehaugs kultklassikar Vente, blinke til. Alle, og dei er mange, som elska Sigrid på papiret skal snart få elske ho enda litt meir på lerretet. Vi snakka litt med forfattaren om spenninga som ligg i bok-til-film-forvandlinga.

FF: Så kva tenkjer du om at Vente, blinke no blir film?
: Eg er oppstemd, det er berre heilt i det siste at det har gått opp for meg at det faktisk blir ein film. Det er fire år sidan Yngvild Sve Flikke ringde og spurte om eg kunne tenke meg dette, å vere med på å skrive filmmanus basert på boka, i samarbeid med henne, og frå då og fram til no har det vore ein lang prosess, med skriving og omskriving. Eg tenker dermed, når sant skal seiast, ikkje så mykje på at BOK BLIR FILM, men på at FILMMANUS BLIR FILM, det er her kjensla av oppstemtheit skriv seg frå. Og det er dyktige folk som skal lage filmen.

FF: Har du fått vere med i castingprosessen?
: Ja, eg har vore med på den måten at eg har vore ein slags konsulent, eg har fått lov til å meine og kome med innspel.
 
FF: Korleis er det å sjå karakterane dine i kjøtt og blod?
: Interessant, på fleire måtar. Det er ikkje slik at Sigrid frå Vente, blinke (boka) plutseleg har fått eit ansikt, Sigrid frå boka har jo først vore gjennom transformasjonen «Sigrid i bok» til «Sigrid i filmmanus». Dette var den første, og vanskelegaste, transformasjonen for meg, overgangen frå «Sigrid i filmmanus» til «Sigrid i kjøt og blod» er faktisk mindre. Den første transformasjonen får meg til å tenke på heisekranene som har stått utanfor det nye gigantsvømmebassenganlegget i bergen, ei slik gul ei, eg ser for meg denne heisekrana løfte ut karakter for karakter frå romanen, før dei svingar svingstanga si (eg anar ikkje kva dei ulike delene på heisekraner heiter) over mot eit anna område; filmmanuset. Denne utløftingsprosessen, som (pga heisekranas høgde) gjer at ein får høve til å sjå karakterane frå alle sider, og på avstand, har vore med på å kvitte romankarakterane med romansettingane, setningane DRAUP av dei, bokstavane fall tilbake, nedatt i romanen, på seigt vis, det skal eg gjerne innrømme, bokstavar (og det dei samansett representerer av tankar) er eit forferdeleg seigt materiale. Eg måtte, for å seie det enkelt, prøve å sjå på dei på nytt. Indre dialog gjer seg ikkje alltid så godt på film, ting bør der transformerast til bilete og handling. «Mykje ligg i spelet», brukar Yngvild å seie, og då brukar bokstavane i romanen å hoppe, illsinte, opp, og prøve å rope: nei, ALT LIGG I SPRÅKET! men - det gjer ikkje det. Eg slapp altså meir og meir taket i romanen, når filmmanuset skulle fram, og det var nødvendig. Samarbeidet med Yngvild gjorde også denne transformasjonen mogleg. Og deretter, når castingprosessen byrjar, og ein skal leite etter DET ansiktet og DEN måten å formidle på, skjer det ein ny overløftingsprosess, der det viser seg at mange ulike ansikt og kroppar og formidlingsmåtar kan vere/kroppsleggjere dei litt flimrande ideeane om kven den og den karakteren eigentleg ER. I seg sjølv ei fin oppleving, eg sit imponert att over skodespelarkunsten. Og fordi eg har fått vere med på den prosessen, har det ikkje vore sjokkarta at td Sigrid no ser ut som Inga Ibsdotter Lilleaas. Eller at ho no ER Inga Ibsdotter Lilleaas. Det viktigaste for meg er skodespelarane sin måte å formidle på, om dei får tak i trykkpunkta i karakterane, handlinga, kva som står på spel. Utan å røpe for mykje vil eg berre seie at eg synest vi har fått ein fantastisk cast.

FF: Blir filmen betre enn boka?
: Filmen blir betre enn alle bøker til saman.

Relaterte artikler