En forfatter jobber (1)

Ruthsjobb

Vi hører det hele tida, det er nærmest som et mantra: Det er umulig å leve av å skrive. Okay, men hva lever de av da, de som skriver? Forfatter Ruth Lillegraven lever faktisk av å skrive, for når hun ikke skriver på sitt eget, skriver hun politiske taler for samferdselsdepartementet.

FF: Hvilken jobb har du og hvorfor akkurat denne jobben?
RT: Eg jobbar for tida i kommunikasjonsavdelinga i Samferdselsdepartementet. Hovudoppgåva mi er å skrive talar og innlegg for politisk leiing. Det var litt tilfeldig at eg havna der i 2007. Eg hadde jobba seks år i Det Norske Samlaget som informasjonansvarleg, og var klar for å prøve noko anna og lære noko nytt. Syntest det høyrtest spennande ut å jobbe så tett på dyktige politikarar og fagpersonar i departementet, og det freista å få bruke mykje av arbeidstida på å skrive.

FF: Du får ikke overload på skriving da, når du skriver i begge jobber?
RL: Mjo, det kan vel vere eg lengtar etter å gjere noko meir praktisk i blant. Eller noko verkeleg nyttig, som dei som jobbar i helsevesenet. Men stort sett er det greitt.

FF: Hva liker du med jobben?
RT: Eg har gode kollegaer, får variasjon frå forfattarjobbinga, ei sikker inntekt og ikkje minst arbeidsoppgåver som gir meg innblikk i det politiske livet og eit fagfelt eg elles ikkje ville visst så mykje om. Og eg får betalt for å gjere det eg likar best: skrive. Mykje av jobben min går ut på å prøve å gjere tungt fagleg stoff noko lettare og meir tilgjengeleg. Det likar eg!

 FF: Hvor mye jobber du? (Når skriver du?)
RL: Eg har jobba fulltid i alle år, og skrive på kveldane og i helgene. I fjor var eg så heldig at eg fekk arbeidsstipend, så då eg byrja jobbe att etter mammapermisjon, gjekk eg ned til 50% stilling. Eg er no ei veke på jobb og har ei veke fri til å skrive. Eg er veldig takksam og glad for stipendet. Utan det, kunne det blitt krevjande å finne skrivetid no, med to eittåringar (og to større barn) i huset.

FF: To jobber, fire barn i huset. Er du disiplinert?!
RL: Eg prøver å vere det. Eg er nokså flink til å kome meg heimefrå om morgonen, sjølv om det sjeldan blir så tidleg som eg har tenkt. Men ofte gremmar eg meg over at eg har lagt inn ein avtale eller ting eg må fikse, som tek tid bort frå skrivinga. Eg føler nesten aldri at eg er flittig og disiplinert nok, har nesten alltid dårleg samvit for ikkje å få brukt tida endå betre, den kjennest så knapp og dyrebar. Det er kanskje eit godt instinkt, som hindrar meg i å bli verkeleg slapp og sløv.

FF: Drar du nytte av jobben din på noen måte i skrivinga?
RL: Vanskeleg å seie. Ikkje direkte, trur eg. Kanskje nesten meir andre vegen, at treninga frå skjønnlitterær skriving i å kutte og file og flikke på språket er ein fordel i jobbskrivinga. Men kven veit. Det er to ulike sfærer for meg, men eg trur i allfall ikkje skrivinga den eine staden påverkar den andre negativt, anna enn tidsmessig i blant.

FF: Ville du skrevet fulltid om du kunne?
RL: Svaret på det varierer litt. Jo, eg trur jo det, om det var økonomisk berekraftig. Eg set pris på fridomen ved skrivinga, i tillegg til at det jo sjølvsagt er ønskeleg å få skrive mest mogleg. Men det er fordi eg no har vore inne i ein god flyt på skrivinga. Om du spør meg i ein periode der eg ikkje får det til, vil eg nok vere veldig glad for å ha ein jobb å gå til – der eg klarar få utrette noko. Og kanskje ville det blitt einsamt og einsformig utan jobben. Det er vanskeleg å svare heilt klart på det.

Relaterte artikler