Ein annan form for empati

Er det enklare å ta omsyn til angst i litteraturen enn i kvardagen? Ruth Lillegraven undrar seg.

RL: For det første tykkjer eg sjølv at det ligg ein del angst i nesten alle hovudpersonane mine. Frå eg-et i «Store stygge dikt» til Endre i «Sigd». Men for meg er angst ein naturleg del av det å vere menneske, og difor blir det også ein naturleg del av mine litterære personar. Angst kan vere ei psykisk liding, ja, men det kan også vere ein del av menneskelivet - det kjem vel an på graden og formen.

FF: Der renn ei veldig sterk empatisk åre i dikta dine, fra debuten fram til Sigd, er omtanke/ medkjensle/ solidaritet ei openbar drivkraft for skriving for deg?
RL: Eg er nok relativt empatisk av meg som menneske, i blant kanskje for mykje, det kan også vere slitsamt. Som forfattar tenkjer eg at empati med mine litterære personar er ein slags føresetnad for å skrive om dei. Eller empati ... kanskje snarare innsikt i, innleving i. Det er ein annan form for empati ein brukar som forfattar enn den ein brukar som medmenneske, trur eg då.

FF: Og i slekt med det: er, kan, eller bør litteraturen også vere til hjelp for utsette/ utstøtte menneske/ menneskegrupper?
RL: Det trur eg vel, at litteraturen kan vere med på å skape forståing for og innsikt i andres liv, andres val, andres lagnader. Og at den kan få folk til å føle seg mindre einsame i sin situasjon.

FF: Opplever du angsten og alle fasetter tilhøyrande han, som tilstrekkelig akseptert i litteraturen i vår tid?
RL: Tja, ja, jo ... Vanskeleg spørsmål. Kanskje aksepterer me i blant ting i litteraturen som me ikkje aksepterer i det verkelege liv? Eg trur kanskje det, at det av og til er slik. At rausheita, forståinga for det eller den som er annleis eller utanfor, er større i teorien - og i litteraturen - enn i praksis.

Relaterte artikler