Eg skulle ønske eg ville

«Det har allereie begynt å mørkne, rue Oberkampf ligg under rosa himmel og gule gatelys. Anna spør om eg kunne blitt her for alltid. – Eg skulle ønske eg ville. Men sjølv om eg er her no, kan eg kjenne at eg saknar Paris allereie, for eg veit det ikkje varar evig, seier eg. Me svingar innom ein grønsaksmarknad, kjøper gulrøter, squash, aubergine og tomatar. Ein sitron. Nok grønsaker for ei heil veke, så lenge skal me i alle fall halde ut. Eg tar eit bilde av Anna framfor alle grønsakene. Det er ein av dei beste dagane i Paris på lenge.»
– Heidi Furre, Parissyndromet

Relaterte artikler