— Dikta hans var inspirerande

Ron Padgett, foto: Jemimah Kuhfeld

Flamme forlag slipper i disse dager en boksingel (Farvel, velse Lettera) signert amerikanske Ron Padgett. Vi ba ham skrive noe nytt om å skrive, men det ville han ikke, i stedet gjorde han et utvalg gamle dikt, 21 i tallet, om å skrive dikt. Disse har Ruth Lillegraven, ingen ringere, gjendikta til fabelaktig nynorsk, og etter endt oppdrag tok vi en kjapp prat med henne om hva hun har vært gjennom.

FF: Hvordan var det å gjendikte Ron Padgett?
RL: Det var veldig fint! Det gav meg litt innsikt i eit forfattarskap eg ikkje kjende så godt frå før. Dikta hans var inspirerande og gav meg nokre gode aha-opplevingar. RP er flink til å formulere kloke ting om det å skrive.
 
FF: Hva vil du si om diktene hans sånn generelt? Hvor god er han?
RL: Ah! Han er sjølvsagt god! Men akkurat kor god er jo alltid vanskeleg å seie. Målt mot kva, liksom? Og kven er eg til å vurdere det? Nei, det vil eg ikkje gje meg ut på. Det kjem dessutan så veldig an på kva ein likar.

FF: «Om det hjelper å skrive. Trolig ikkje.» Skriver RP om angst og beven i livet, enig?
RL: Det hjelper kanskje ikkje direkte mot vissa om at vi alle skal døy, som er det han drøftar med seg sjølv nett då. Men for mange av oss som skriv hjelper det mot nokså mykje. Det trur eg gjeld for den godeste RP også, eigentleg, eg får absolutt inntrykk av det.

FF: RP sier at dikta i FVL er et gjenskinn av den personen han var når han skreiv dem, skal det antyde at dikteren ikke klarer å trenge helt inn i seg selv med diktene sine?
RL: Nei, eg tolkar det ikkje slik. Meir at dikta våre lett blir veldig farga av kven vi er når vi skriv dei, kvar vi er i livet, kva erfaringar vi har, kva vi opplever, kva vi drøymer om og lengtar etter. Eg trur ikkje han meiner så mykje anna med gjenskinet enn at dikta trass aldri vil bli oss eller omvendt, dei er noko anna, dei er seg sjølve, men dei ber oss som skriv dei i seg. Noko slikt.
 
FF: RP har allerede en stor produksjon bak seg, er du frista til å lese mer av ham etter denne jobben?
RL: Ja, absolutt!

Relaterte artikler