– Det er bra med ambisjonar, er det ikkje?

Anna Kleiva

I dag fyller forfatter og oversetter Anna Kleiva 30 år. Anna har, som mange vet, gitt ut flere diktsamlinger på Oktober, men var før den tid med i den utsolgte og etterspurte Flamme-boksingelen Mine stormfulle, stormfulle, stormfulle år, med tekster til og inspirert av Kate Bush. Hun har vunnet Natt&Dags Oslopris og er i skrivende stund aktuell med en gjendikting av Ariana Reines, Coeur de Lion, gitt ut på Samlaget. Vi tok en kjapp prat med jubilanten.

FF: Gratulerar med dagen, Anna, og gratulerar med gjendiktinga av Ariana Reines, korleis var det å gjendikte heller enn dikte?
AK: Takk! Det var skikkeleg gøy å gjendikte – så godt å kunne jobbe med ein annan person sitt språk, sine tankar, sin litteratur, i staden for mitt eige heile tida. Særleg når det er så bra som Ariana Reines (men dei fleste gjendiktarar er vel ganske begeistra for det dei jobbar med). Og det litt nerdete med å leite fram det riktige norske ordet - riktig tyding, klang, nivå - det elska eg også.

FF: Kva hentar du sjølv, som poet, frå diktene til Reines?
AK: Det er litt vanskeleg å vite. Men kanskje faktisk eit litt nytt blikk? Og så får eg jo lyst til å vere like god som henne - det er bra med ambisjonar, er det ikkje?

FF: Kva tenkjer du om mottakinga så langt?
AK: Eg synest fokuset på nynorsken er pussig, og prega av overraskande sterke fordommar om kva som kan og bør skrivast på denne målforma. Elles merkar eg meg at eg som gjendiktar og etterordforfattar har stor definitsjonsmakt på korleis boka og forfattaren blir lese, det overraska meg faktisk litt. Men mottakinga har vore veldig god då! Både frå meldarar og andre lesarar.

FF: Blir det meir formidling i framtida, tror du?
AK: Eg vil gjerne både formidle og gjendikte meir, eg! Ariana eller andre.
FF: ... og blir det kake i dag?
AK: Så klart! Har tenkt å lage marsipankake for første gong, og har dukka ned i den mørke, mørke staden som kakebloggar er.

Relaterte artikler